Oslo-Bergen-Trail

Reading Time: 31 minutes

Oslo Bergen Trail 2025 (03-12 Juli. 2025)
Oslo Bergen Trail er eit terrengultraløp fra Oslo til Bergen, arrangerast annakvart år, fyrste gong i 2021.

Hoveddistansen er på 500km med Solo/lag konkurranse, dei har og distansar på 300Km, 125Km og 37Km.

Maksimaltid for 500K er 224 timer (9 døgn og 8 timer).

Kart: langtoglengelive.com
Heimeside: https://www.oslobergentrail.com/
Instagram: @oslobergentrail
Facebook: https://facebook.com/oslobergentrail
Kart: langtoglengelive.com

Skjermklipp: langtoglenge

Prolog – kort oppsummering Oslo–Bergen Trail 2025.

– Eit håp om å fullføre, men og ei klar forståing av at mykje måtte gå min veg.

– Starten var god, før det gradvis vart tyngre. Over Hardangervidda tippa det frå krevjande til direkte ille.
– Frå Krækkja fann eg att meir kontroll, men søvnmangel vart ei utfordring eg måtte “stå i” heilt inn til mål.

Eit brutalt, men vakkert, sosialt og begivenheitsrikt løp. Ei fantastisk oppleving, eit løp eg vil anbefale på det varmaste.

Nedanfor følgjer ein lang, detaljert og upolert turrapport. Eg skriv først og fremst for å feste minna og bilete frå turen, men håper og at andre kan hente tips undervegs – og at teksten inspirerer meir enn han skremmer.

Etappeoversikt:


Då eg fekk tilbod om plass skunda eg meg å betale – før eg rakk å kome i tvil.
– Galskap, seier alle, same tenkjer man i sitt indre…
Men var og sikker på at eg ville angre djupt om eg ikkje vart med…

Førebuingane –
Det fysiske var det enklaste å ta tak i – kome seg ut døra:

2024
Min første DNF (did not finish) i eit løp kom under NM Skogvokteren – kanskje det løpet eg har lært mest av.

2025, på tide å trappe opp, løpbart terreng heile vinteren.

Hagemanns Høgdemeterløp i mars vart viktig. Det var her grunnlaget skulle leggast – ei nødvendig herding av føter, kropp og sjel.
+50 000hm, 608km på 32dager, 50 aktivitetar.
136timar = 4,25t ute i snitt kvar dag.
Kropp og sjel blir tynt godt over grensa for belastningsnivå.

Trenings-mars-månaden vart avslutta 1. April med monotome 400x400m. Rundt og rundt ei idrettsbane, ein real test av psyken.
Stor takk til Einar Hagemann for å arrangere desse spinnville arrangementa!

Lustrafjorden Inn“- vart pausa i 2025 då det vanlegvis går på same tida som OBT, men tok sjølv turen i mai/juni som ein back-to-back tur/retur. Ypparleg treningsterreng!

Nøsen 50k, rett før OBT tok eg som ein utblåsingstur inkl. ein trenings OBT-mat/fotpleie-sjekkpunkt halvveges.


Status før løpet, grei fysisk form men skulle absolutt hatt fleire fleirdags-turar og synfart deler av OBT-ruta.
Tida strekte dessverre ikkje til..

Planlegginga vart stort sett skyvd på, turen verka så massiv at eg ikkje fann kvar eg skulle starte, sjølv om OBT var i hovudet 24/7 – til familien si frustrasjon.
Ein del beskjedar og logistikk gjekk meg tydelegvis hus forbi denne våren, fekk eg høyre.

Hatar å pakke. Det opnar for bekymringar, for kva er liksom godt nok, treng ein det plagget, kor mange sko, kva lader, kva bivibag? Dei siste vekene vart det mykje katastrofeavklaringar i nytt utstyr, litt lån, litt sal – og nokre spontane idiotkjøp. Ja, det kostar å leggje ut på langtur.

Eventyret er i gang…

Start – CP1 Soria Moria Hotell- Noresund 101km
Start: Torsdag 3/7 08:00
https://www.soriamoria.no/

Klovner i Kamp sin “ååh det er langt å gå, hvem vet om vi kommer til mål” runger over startarenaen…

Pøsregn, Bergensvær 🙂 Alle under tak, vel vitande at om 10 minuttar so er me alle søkk gjennomblaute…

Men NO er me i gang, innover Nordmarka småløpes det på fine tekniske stier.


Navigasjonsfeil, fort å berre følgje etter, og om nokon tek feil sti er det 20 løparar som løper feil!
Regnet gir seg, og det blir ein skikkeleg fin dag på stien!

Eg får ein god løpeprat med hyggelege Gábor….

Anders i fint driv

…og Anders, tidlegare OBT vinnar og sprek fullførar i fleire år med høgdemeterløp. Veldig kjekt å endeleg treffast. Me held i lag store delar av dagen.


Løvlia skistue 24km, ca. kl.11:50 Fyrste stopp, kort matpause og vatn frå ein utekran. Ein god gjeng som stoppar i lag her, der fleire har fullført OBT på lag tidlegare.
Eg tek det som eit teikn på at me har det rette tempoet.

Løp so sakte at du blir flau – då held du det perfekte tempoet

er mantraet framover…


Sundvollen 39km, kl.14:30, 6t30min
Har vore ein superfin start!
Spar har kuppa burgermarkedet i Noresund, eigen matstasjon med musikk, speaker, og burger i brød til 59,90. Kjøper meir mat og compeed, raskt sokkebyte, so er me på farten igjen.


Eg og Tore strekker feltet med god prat og fint løpeterreng inn i ein skog heilt til me innser at me har vore so ivrige at han må stoppe og vente på lagkameraten. Dei må som lagsmedlemar halde seg i nærleiken av kvarandre.

Eg koplar meg vidare på Erwin frå Tyskland. Han er absolutt ikkje ein førstereisegut; reiser over heile verda for lange løp som dette.

Hovinkoia, 70km, kl 19.50, ei idyllisk DNT koie, Her får me varmt vatn og eg har min fyrste matpause med sjølvkomponert graut/musli/spekemat-porsjonspakke. Smakte veldig godt.

Det har vore ein veldig kjekk sosial løpedag, men kjenner behovet no for å ferdast litt for meg sjølv, treng litt ålenetid. Terrenget er prima, veret er prima, alt er idyll, kosar meg på stien!


Koplar meg på Harald, og etterkvart “Virkelighetsorientering-laget” og det er her løypa endrar karakter. No blir det myr, myr etterfølgt av eit utafor sti-parti (einar-sti) inn i skogsfelt og bratte kneiker der me må sjå etter små, blå refleksband som viser rutevalet vidare. Det er eit tøft terreng som suger kreftene ut av oss. Tempoet dalar!

Nærmar oss CP1 Noresund.
Klokka pip på lågt batteri, ignorer varselet, må no klare eit par kilometer til. Men, i siste sving ned til vegen sloknar klokka – får kjenne på kor alt for avhengig ein er av teknologien. Anar ikkje kva retning eg skal.. må lade, av med sekk, men høyrer eg ikkje kubjeller? CP1 er her ein plass, går i retning lyden og ja der er folk, beachflagg og CP1. Saved by the bell 😉

CP1 Noresund 100/104km
Ankomst: Fredag 4/7 03:00 19t
Etappe Km: 104km
Etappe tid: 19t Estimert etappetid: 16t

Eg med fleire hadde nok ein plan om kort pause på CP1 for å opparbeide tid til søvn og restitusjon seinare i løpet, men etter strabasane på slutten vart dei tankane forkasta. Raskt måltid, dusj, seng på fellesrom. Godt å få dusjet seg, verre med søvn, kanskje 2,5 time. Er ein ny regel rundt søvn i år; me får sengeplass i maks. 4 timar. Blir litt venting her på første sjekkpunktet.

Surrar med kva eg skal ha med vidare frå dropbagen, den får me ikkje sjå att før ved CP3 Vasstulan, 200km, stapper mykje mat og stæsj i sekken for å vere sikker…

Idyll..

CP1-CP2 Noresund – Flatvollen 42km

Avreise CP1: Fredag 4/7 07:45
Tid på sjekkpunkt: 4t45min
Strava etappe



Sola er komen og det er fine forhold når eg legg i veg opp alpinbakken i Noresund. Ringer fruen for ein kort rapport, prater i ein time til eg er ved jokerbutikken. Meir handling av drikke, mat og compeed. Sekken er tung no. Møter Odd ved Jokeren, må berre bortom og hilse på ein av dei store ultralegendene.

Anders er komen og me går saman vidare opp mot Høgevarde. Perfekte forhold for oss som elskar høgdemeter. Anders må ta ein pause for å fylle på meir næring, og må seinare gi seg med sjukdom. Veldig kjedeleg for han og løpet vidare da han er eit tipptopp turfølge.

Inn mot DNT hytta er det fint høgfjellsterreng, me er på det høgaste partiet på løypa og har heilt ok vær, kun litt vind. Her passerer (den tamme) villreinstammen på Høgevarde stien rett framfor oss.

Kort matpause inne på hytta der det handlast cola og vaffel med absolutt alt av tilbehøyr på…

Er lenger mellom løparane no, alle har omtrent likt tempo, ser ryggen til nokre deltakarar av og til.

Næringstom etter mange timar på stien, det blir ein matpause på Toveseter 135km. Er turgåarar inne i hytta, får varmt vatn av dei. Eg lukter nok ikkje godt, blir eit kort besøk, hinter forsiktig til dei om at dei mest truleg får meir besøk utover kvelden og natta 🙂

CP2 Flatvollen 145/151km
Ankomst: Fredag 4/7 18:20, 34t20min
Etappe Km: 42km (reell: 47km, totalt 151km)
Tid etappe: 10t40m Estimert etappetid: 12t
Hytteinfo: https://www.flatvollen.no/

Flatvollen, godt og varmt måltid, får sosialisert litt med andre deltakarar, lada opp elektronikken.

Ser fyrste teikn på deltakarar som slit med diverse. Fleire er på “vent” til å evnt. gje seg. Ein deltakar har klipt opp skoa sine fordi dei gnager på ankelkulene. Har like sko; VJ ultra3, tipper langt over ein tredjedel har desse skoa i år. Supersko fra sålen og ned, so har dei eit forbetringspotensial over, spesielt på komforten. Utruleg godt feste på dei, ingen fall eller skliding hittil. Sko ein kan stole på!

Bare rør..

CP2-CP3 Flatvollen – Vassstulan 53km
Avreise CP2: Fredag 4/7 19:42
Tid på sjekkpunkt: 42min
Strava-etappe: del1 , del2

Eg og Randi reiser ut i lag. Er gira på å sikre meg eit forsprang på cut-off-tidene. Den korte tida på CP gjer at me er komen lengre fram i feltet, 38.plass, Randi er no 4. dame. Me held ein god flyt, vekslar mellom rask gange og småjogg, stiane er fine og det er relativt greit å navigere. Er eit par gonger me pratar oss vekk og vipps so er me på heilt andre stiar.

Får Randi med på eit kort matstopp ved ein bekk i 23-tiden. På tide med grautporsjonen min, men den vesle vindbrisen me har hatt til då forsvinn og myggen og knotten går til angrep. Eg innser fiaskoen, kastar resten av grautporsjonen og me hastar av gårde igjen.

Prøver å orientere kor me er via mobil og meiner Tunhovd er kun få km framme, eg aukar på, inn i mørket og regnet som kjem. Lite veit eg at det er ikkje 2km, men 15 til Tunhovd, i krevjande terreng. Iveren går over i både motlausheit og flauheit då eg innser feilnavigeringa. Randi som har testløpt strekket veit nok godt at det er lengre, men er tolmodigheita sjølv og ville nok ikkje slukke min iver og glød.

Etter samløping det siste døgnet med alle desse dyktige ultraløparane er eg råimponert over førebuingane deira, særleg testløpinga av etappane på førehand. Innser at mi eiga tilnærming er meir Happy-Go-Lucky – som hunden heime, veit aldri kvar eller kor lenge men er sjølvsagt alltid klar 🙂

Ved stikryss mellom Langedrag og Tunhovd møter me Endre. Virkar veldig trøytt og usikker på om han skal til Langedrag for å sove. Me seier at NO er det ikkje langt igjen til Tunhovd, so hald ut. Lite viste eg at det fortsatt var 1,5t unna… Frå den korte matpausen me hadde med mygginvasjonen til Tunhovd tek det nesten 4timar.

Dei siste 5km har betre terreng, flotte flytstier mellom hogstfelt, men me har pressa oss lenge no. Her skulle ein jo sjølvsagt ha løpt, det blir med småforsøk, har fått ein vond høgre ankel, slurva med matinntaket og er supertrøtt.

Eg byrjar bli sliten, “stille” og antakeleg eit dårleg turfølge. Vil ikkje dra Randi med nedover i min negative trend so med-deler at eg bør/må stoppe for natta på Tunhovd. – Ho vil fortsetje og det er bra.

Inn mot Tunhovd kikar me etter potensielle ute-overnatting-steder.
Inn i butikken kl 02:45, her er og Jørgen og Birgitte.

Me fekk streng beskjed på race-brief at me får ikkje legge oss til rette inne i butikken. Men det er ein skule og ein barnehage rett under, ser ei leikehytte, perfekt! Set strake kusen mot den, men der er det oppteke. Der ligg det allereie ein deltakar…. Kor skal eg sove? leikerøret?….jaja, ikkje optimalt, men kan sikkert gi ly for regn og vind. Krabber inni, får dekt til ene inngangen med Rab-shelteret mitt og får lagt soveposen over meg. Er blautt og fuktigt her inni. Bles og ular. Får eg sove?

Vaknar til att kvar gong eg sovner inn, men utruleg nok, det blir kanskje 1 time, uroleg søvn. Står opp, naboen i leikehytta veltar ut samstundes og me deler kvar vår dårlege soveoppleving!


Det har slutta å regne og blitt lyst. Eg går vidare mot CP3. Klokka er 05:10. Men stavane? Argh, enormt tankekøyr! Kvar hadde eg dei sist? Jo, i butikken, må gå tilbake… 1.5km i motbakke…
Folksamt i butikken no, og folk søv overalt. Ikkje heilt bra i og med at dette ikkje var innafor… Kommenterer “tørt” til nokre om dei flotte overnattings-moglegheitene rett utafor.
Finn stavane, kjøper ein muffin og labbar utatt. Klokka er 6. Er ein fin morgon i grunn, fin temperatur, fine stiar.

Innser at eg på denne etappen har altfor tung sekk, tok med for mykje, kjøpt for mykje og ikkje tatt tid til pause, letta på vekta eller fått i meg nødvendig næring.
Skjerpings Magne! Ikkje rart eg fekk problem. Styrtar ein yt-sjokolademelk og nokre lefser.

Dette blir eit langt strekke uten at eg ser andre deltakarar. Veret snur om til det verre. Det bles og regnar heftig over Dagalifjellet. Skikkeleg guffent! Eg går på, blir ikkje pauser før Cp3 Vasstulan.

Ut av skoddehavet dukker det plutseleg opp eit par mennesker med kubjeller. Eg er visst framme, men ser absolutt ingenting. Dei må peike meg vidare i rett retning, 20m unna dukkar Vasstulan opp.

CP3 Vasstulan 196/209 km

Ankomst: Lørdag 5/7 10:56, 49t totalt
etappe km: 53km (reell: 58km ,totalt 209km)
Tid etappe: 14t35m Estimert etappetid: 12t
Hytteinfo: https://vasstulan.no/

Vrenger av blaute kle, litt mat (håpar eg, grumsete hukommelse her), får tilgang til leilegheit med god varm dusj. Desverre blir det 2 urolege timar istadenfor 4 timer søvn som eg absolutt burde hatt. Kroppen klarar ikkje å falle til ro på kommando. Har det likevel veldig greitt. Er nokre blemmer under tærne, føtene pleiast etter beste evne og plastres med meir compeed.

Pakker mindre med i sekken no, men hovudet er verkeleg ikkje heilt med for eg bruker ekstreeeemt lang tid på å pakke.
Har sett på yr at det etterkvart skal slutte å regne so eg stressar ikkje med å reise for det plaskregnar utanfor medan eg pakkar.

Anar ingenting om neste etappe, berre at det er innover Hardangervidda og ein del utafor-sti. Skal og vere ei hytte som muleg pausestopp på vegen til Krækkja.
Mr. Happy-Go-Lucky er klar for neste etappe 🙂


Zombieland..

CP3-CP4 Vassstulan – Krækkja 59km

Avreise CP3: Lørdag 5/7 17:10
Tid på sjekkpunkt: 6t5min
Strava etappe: del1, del2


Er åleine, høyrer på musikk og podkast, stien er grei, etterkvart gradvis dårlegare. Vert ofte utfordra på rutevalet då gps-sporet går rett over dei største og blautaste myrpartia. Som om “orienterings-sadisten” i Einar (arrangør) her vil gje oss ein orienteringsutfordring i å finne det beste rutevalet sjølve.
Hamnnar oppi nokre heftige steinrøyser av og til, veit ikkje om det var noko betre enn myra…

Regnet kjem tilbake etter 4timar,

Ryltesteinsbrotet 22.30 (220km)
Matpause med graut/musli porsjon under ei steinhelle. Er vel første ute-måltidet sidan Hovinkoia (70km). Får organisert litt mat fra sekken fram i frontlommer og er klar når Rikard tek meg att. Me går vidare sammen med god prat og tempo i lyng og stein. Han har fullført OBT før, so veldig kjekt med kjentmann i eit vanskeleg høgfjellsterreng som på ein måte dreg deg mot ein lettare retning enn sporet som vil ha deg kryssande over alle fjellnutane.

Nedover mot lågen passerer me fleire hengebruer.


Ved ein driftsbygning møter me to personer ute 00:20 på natta. Dei venter på Anders og ein til fra Andebu. Kort prat, for mykje knott/mygg, men får med meg av praten at no blir det dårlege stiforhold. Kor mykje verre kan det bli, undrar eg…

…og jo, greit i starten. So fylles “stien” med vatn supplert med seige myrstrekk før me tek inn på eit gammalt sauetrakk oppover. Eg kan ikkje kalle dette ein sti, for her går det ikkje folk. Det er so tett med kratt at me må bakse og dytte vekk greiner og busker for å karre oss oppover. Minnet går tilbake til Lustrafjorden inn og DNT-stien mellom Navarsete og Flatningane der me var so flaue over at det var so blautt og bevokst. Det strekket er som ein motorveg i forhold til dette her. Kreftene sugast ut, beina skrapast opp og eg er nær på å bli augespidda av knekte greiner som stikker inn i trakket fleire gonger.

Rikard spør om ein “powernap”. Me slår av lysa, og eg ser på han, set seg ned i 1-2min. Forklarer etterpå at han i dei forrige løpa har lært seg ulike metoder for nødvendig kvile. Han virkar absolutt “freshare” og me bakser vidare oppover til høgfjellet ved Bjordalshøgdin og ei privathytte (Bjordalsstølan). Hadde eit lite håp om at dette var Tuva, (turisthytte), men nei.

Rikard må ha ein “power-nap” til og no vert eg med og… av med lykter.. set oss på ein stein… hove ned…. handa til kjaken.. lukker auga. Eg forsvinn fort inn i ein tankespiral som tek meg vekk frå desse omgivelsane i eit kort minutt. So er det opp og gå igjen før me vert for kalde. “power-napen” virket den.

Over Bjordalshøgdin ser me endeleg lys, der er vel turisthytta? Me går på, men terrenget hindrar oss, ser nærme ut men er heile tiden endringer i terrenget. Til slutt eit stort myrområde me må over. Hytta og lysa følest som eit luftslott som me aldri skal få kome fram til.


Tuva Kl 03:45 Inn i varmestova. Rikard er effektiv, finn ein stol og sovnar momentant. Eg finn ikkje roen.
Rikard vakner, heilt “ny” mann og klar. Eg er ikkje klar. Ikkje på nokon måte. Dørstokkmila er høg no med den gode varmen her inne kontra det kalde, sure været rett utafor. So går det opp for meg at denne hytta er jo ikkje ei DNT hytte, det er ei privateigd turisthytte so eigentleg har me ikkje lov til å opphalde oss her, om me ikkje betaler for overnatting då…
Eg vert bekymra for at turistverten skal kome, og bekymringar det vil eg ikkje ha. Eg må ut –
5 min. etter Rikard og 1 time etter ankomst er det ut igjen.. ut på det strekket som muligens på heile turen drar meg lengst ut i zooombie-tilstand….

Søndag 6/7 kl:04:50 Tuva – Krækkja 21km, totaltid 5t23min

Startar optimistisk, må vere betre stiar no, lyset har kome og veret er betre. Me kjem inn på stiar som føl ei varderekke, mellom vardane er det vatnflaumde stier. Veldig monotomt, trøyttheita kjem og eg bevegar meg inn i ein rar draume/vaken tilstand der eg etter kvart er heilt sikker på at her har eg jo vore før. For alt er kjend… Varderekka, stien nedover til hovedvegen, hyttene ved brua/demningen. Dette er eg heilt sikker på å ha sett før, eg har jo og sendt bilde til pappa, og prata med han om området…

…I ettertid forstod eg at dette berre var fantasi, for eg har aldri vore på Hardangervidda før. Eg har aldri sendt bilde eller pratt om området… Eg har rett og slett drømt/hallusinert heile greia…
muleg lik déjà vu opplevinga som Daniel Salvesen og fortel om i sin tur-rapport.
Skummelt kor ekte det kjennest der og då. Meir info om fenomenet her (forskning.no)

Fra vegen/demninga er det inn på sti igjen, betre forhold. Her tek eg endeleg til “vet” med å innføre “power-naps”, og dei blir det mange av innover til Krækkja. Få minutt med sjanglande gange er det eg klarar, so er det å legge seg ned på sida av stien. Eine gongen merker eg at turfolk passerar meg.

Dei siste kilometerene er det klink zombie-tilstand. Delvis på stien, delvis krabbande i lyngen; subbande, slepande steg, armane tungt ned langs sida. Tomt blikk, tom kropp. Er eit totalhavari, trøtt som eit fly, blaut, kald, gnagsår, vond ankel…. nei no tærer det på…

CP4 Krækkja 256/271km

Ankomst: Søndag 6/7 10:15 74t totalt
etappe km: 60km (reell: 62km ,totalt 271km)
Tid etappe: 17t25m Estimert etappetid: 16t
Hyteinfo: https://ut.no/hytte/101064/krkkja

Hugser lite av ankomsten, men sat ute litt for å “ta-deg-sammen” før eg gjekk inn. Klarde å setje fokus, henge opp blaute kle, trur eg åt, kom meg på do før seng på ein kokheit sovesal…uroleg søvn igjen, bråvaknar ofte, Eg står opp, sjekkar føtene som ikkje fekk noko pleie siste etappen. Stygge blemmer under alle tærne. Renser og legger på compeed. Smerter når eg står.. Status: ikkje bra.

No nærmar eg meg ei grense for om det er muleg å fortsetja. Er i “kjellaren” no, motlaus, lite lysten ut til den monotome vidda med sine myrhol, regn og vind med dei problema eg har…

Eg ringer Anki (fruen). Ho køyrer bil, so samtalen blir på handsfree saman med venninna hennar. Stakkars dei – eg brukar dei som ein kanal for å tømme all frustrasjonen min, snakk om å vere på sitt verste. Samstundes får eg ei tilbakemelding, ein realitetssjekk frå nokon som ser situasjonen med klarare blikk enn meg sjølv.

Trass i alle utfordringane, er det berre éin ting å gjere; kome seg vidare, for på Krækkja er det ingen bilveg, seier fruen! Så enkelt kan alle problem snevrast inn – løyse hovudproblemet først.

Og ho fortset: neste etappe gir betre moglegheiter for exit, med togstasjon både på Finse og Vatnahalsen. Og me veit at kjem eg meg over denne kneika – då er mykje gjort. Liknande har me vore borti og løyst før, må kome oss opp av denne mørke kjellaren..

Føler meg meir i “lodd” og fokusert etter telefonsamtalen. Må sjå framover, ikkje på det som har vore, fikse min situasjon no so eg kan prøve fortsetja.
På kafeen på Krækkja kjøper eg dagens suppe; grønsaksuppe + peanøtter som eg tømmer oppi suppa. Kjenner energien komme tilbake. Utruleg godt!
Gjer eg eit nytt forsøk på å plastre gnagsåra og YES! Jublar når eg kjenner at eg klarar å stå/gå utan stikkande smerter.

Kanskje det er eit håp…

Hyttebesøket…

CP3-CP4 Krækkja – Vatnahalsen 59km

Avreise CP5: Søndag 6/7 15:35
Tid på sjekkpunkt: 5t20min
Strava etappe


Må prøve.. forlater CP saman med Birgitte og Jørgen, deira positive energi smitter over på meg, og føtene lover bra.

Været er bra, naturen og stien endrar seg markant betre til meir kjend fastare sogna-terreng. Vekke er myr og blaute stiar. Det blir ein veldig fin dag! Eg er påpasseleg med å ta pauser, få i meg næring, lufte føtene.

Finsehytta kl 21.30, Fellesmiddagen er eigentleg stengt ned og ferdig, men fortsatt mat igjen og me blir invitert inn for å kjøpe ein god middag.

No er det Rallarvegen, det går nok heile natta. 3mil på grusveg. Vil prøve å nå CP5 Vatnahalsen. Får sjå kva eg finn på om det blir for søvnigt og kaldt. Pøver å halde oppe tempo og vakenheit med kort intervall-løping inntil tær og ankler ber meg ta det roligare. Er overraskande mykje oppover frå Finse, trur heile tida at no, no er det nedover snart.

Passerer deltakarar som sit i ein shelterduk på høgaste og mest vindfulle punktet.

Døsigheita kjem i 2-3tida, det er monotomt på grusvegen. Ingen folk å sjå. Må. Kvile. Kaldt. Blir det ei utenatt? Dreg fram shelteret, men vil kome ned i lågare og varmare områder, stabbar vidare, leitande etter passande liggeplass. Nokre hytter dukkar opp etter ein sving, kan det vere DNT hytta? Tek fram telefonen, ja stemmer med lokasjonen. Er to DNT hytter her, ei gammel og ei ny.

Eg går inn i den minste hytta, ingen her akkurat no, klarar å lese ein veilednings-plakat for bruk av doen, resonerer meg fram til at dette er den gamle og minste hytta. Legg meg nedpå på sofaen, slit med å sovne inn, er lyder frå loftet. Etter knappe timen uten søvn so finn eg det best å berre kome meg avgårde. Går ut i gangen for dotur, då kjem det ein ned frå loftet… “-God morgen”, seier eg, reknar med at det er ein deltakar eller DNT morgonfugl.

Hm, du vet at dette er en privat hytte?

svarar han..


“-Oj, er det det?”, er det einaste eg klarar å svare med… og legg meg heilt flat, dette er so flaut! Eg beklager so godt eg kan, forklarer at eg er med på eit løp og trøytt og antakeleg gått feil, ville berre kvile litt og er på veg ut igjen. Han tek det utruleg bra. (Tusen takk skal du ha du som eig hytta) 🙂
Raskar med sekk og innhald som eg har strødd utover og vipps so er eg altso sjanglande avgårde på grusvegen igjen.

Morgonen og lyset kjem, er endeleg nede frå høgfjellet no, den vesle hyttepausen min gjorde godt den!


Dei siste 15km går det forsovidt heilt greit inn til CP5 Vatnahalsen. Klar for ein skikkeleg kvil og ny runde med fotpleie.

CP5 Vatnahlsen 315/333km

Ankomst: Mandag 7/7 08:52 97t
etappe km: 59km (reell: 62km ,totalt 333km)
Tid etappe: 17t20m Estimert etappetid: 20t

https://www.vatnahalsen.no/


Eige hotellrom med badekar. Skikkeleg luksus.

God, samanhengande søvn i eit par timar med føtene høgt heva og kanskje det viktigaste; sanitetspleie av rutinerte der eg får hjelp med ny plastring av føtene.

Vatnahalsen blir ein real opptur, ein kombinasjon av eit fantastisk godt servicepersonell, god mat og at eg tek eit ansvar for min dårlege status,

Status er åpne blemmer under alle tær og irritasjon på begge hæler og fotsider. Det ser absolutt ikkje bra ut, men alt blir plastra bra opp!

No er det eit fokus; ha “kontroll” på min eigen situasjon og løpet. Det betyr at alt anna; tempo, plassering, konkurranse… HEILT irrellevant. Eg har no god tid på cut-off tidene, kan kontrollere dette inn, må berre unngå desse zombie tilstandene…

Sjekkpunkta er so viktige, me blir so godt tatt imot og tatt vare på, her kjem deltakarane inn som eit lik, reiser ut og føler seg som supermann! 🙂 Stor takk til alle frivillige på alle sjekkpunkter, DE er dei største superheltane her!

Ein time før utsjekk frå Vatnahalsen får me beskjed om at ei snøbru ved Mjølfjell har kollapsa og det blir no reserve-rute til Voss; eit lengre vegparti istaden for høgfjell og terreng. Det passar meg greitt da det ser ut til å gå mot ein ny natt ute.

Å Vestland, Vestland

CP5-CP6 Vatnahalsen – Voss 65km

Avreise CP5: Søndag 6/7 15:35
Tid på sjekkpunkt: 8t40min
Strava etappe

Skjermutklipp: Strava

Det første partiet som kjem er det finaste på heile turen, verkar som ein gammal og lite brukt ferdselsti Einar har funne her. Veret er heilt prima, og eg koser meg i mine nye og ein størrelse større sko frå drop-bagen ved Vatnhalsen.

På Vetla Uppsete blir det heiarop frå nokre ungar som spelar fotball, her er grusveg som etterkvart blir til asfalt når me tek inn på reserveruta ved Ørnaberget (?)

No blir det mange kilometer på asfalt, begynner med gå/løpe intervaller igjen. Det går fint til tross for heilplastra føter. Etter kort tid tek eg att Roy, i ein litt spesiell positur..

Spør om alt er bra og det er det, hadde berre ei lita pause. Forståeleg at det må strekkast ut litt når terrengløparar møter flate asfalten… Me kjem i prat og ser inga grunn til å stressløpe vidare, for tida og kilometere går fort i godt lag. Viser seg at Roy absolutt har vore på tur før der han fortel om korleis han lager seg varm mat i farta og at han søv ute i vindsekken sin kvar natt. Inspirerande å høyre og eit eksempel til etterfølging for oss zombiar 🙂
Kjem på at det er han eg passerte ei uværsnatt på vidda.

I 23:30 tiden gjespar Roy litt og finn at det er leggetid, me skillast omtrent der originalruta kjem inn på vegen att.

Er kaldare blitt, eg kler på meg for ein natt ute på stien, er relativ greit vaken. Det var godt å få god søvn på CP5. No er det ut i terrenget, først skogsveg, so sti, er ein 2-3 småtoppar som skal forserast før me kjem inn i Vosse-regionen.

Opp mot høgaste punktet, Storhaugen, møter eg Endre att som eg møtte før Tunhovd. Me kaver litt med å halde stien i mørket både før og etter Storhaugen. Endre er til god hjelp. Når eg først er på stien nedover so held eg høgare tempo so me forsvinn frå kvarandre. Lurer meg litt med å tru at Voss nærmar seg fort, over på grusveg, går fortsatt nedover, leiter etter bebyggelse men blir skuffa når det plutseleg går opp igjen. No får eg att for den dårlege førebuinga med å sjekke rute og kart på førehand. Må berre ta det som det kjem.

Blir sliten utover morgenlysningen, nokre stiparti vekslande med grusveg kjennes endelause. Men YES, eg har klart det! Eg er komen til VOSS! Eit av turens hovedmål!

CP6 Voss 380/387km

Ankomst: Tirsdag 8/7 06:35 119t
etappe km: 59km, (reserverute: 54 km ,totalt 387km)
Tid etappe: 11t30m Estimert: 24t

Fredrik har gjort om idylliske Fjose Gard til matstasjon. Får ein kort prat med han då han og var med i Hagemanns høgdemeter løp i våres.

Fruen og eine son min er er komen ens ærend frå Luster for å ta i mot meg på Voss. Dei kjem innom CP og eg får ein gode prat med dei. Trur dei reagerer på snøvlinga mi, forstår nok at eg er bra trøtte. Lenge mellom orda fekk eg vite i ettertid 😀
No blir det dusj og ei feltseng! 

Men akkurat når eg skal falle i søvn, so startar spetakkelet utanfor;
Driv dei å tester lydanlegget?…”Åhh det er langt å gå”-sangen runger ut over heile garden! No høyrer eg og OBT-speakeren. Han klovnar på og kommenterer samtidig eit hesteveddeløp… Kva i alle dagar er det som skjer?
Eg vrir og vrir meg men får ikkje ro… Står opp og ser surt bort på sekretariatsteltet når eg sjangler innatt i huset. No er dei visst ferdige for ingen der no. Typisk!

…. men alt dette er sjølvsagt berre oppi hovudet mitt, det er jo bare tragikomisk heile greia, og må berre le av meg sjølv og søvnsituasjonen min. 
Ikkje kan eg prate med nokon om dette heller, då trur dei det har rabla for meg… Ok, eg får visst ikkje søvn her heller, so føremiddagen går til å pakke, ete og sosialisere med andre deltakarar. Det er meldt torevêr over Voss i ettermiddag/kveld so hastar ikkje vidare, vil vente med å gå til det verste er over.

“Mine” ventar nede i sentrum, gjer meg klar. Hentar tracker – argh, den er blitt kopla frå lading og for lite batteri til å få lov til å reise. Må vente, ser etter stavane mine, dei er vekke!
Litt lenger borte står det nokre andre leki staver. Samme farge, berre at desse er av type “fixed”. Nokon har tatt feil? Sjekker med andre deltakarar og klarerer med dei frivillige at eg tek desse for å sjå om eg får til eit stavbytte igjen seinare i løpet.

For å toppe katastrofedagen på Fjose so går eg ut frå garden i feil retning, to gonger – 10 minutt med totalt navigasjonsrot.

Huldrefolket

CP6-CP7 Voss – Kvitingen 57km

Avreise CP6: Tirsdag 8/7 13:18
Tid på sjekkpunkt: 6t43min
Strava etappe del1, del2, del3


Eg møter “mine” i parken, dei er nok leie av å vente og eg er lei av å tulle ting til, forklarer alt som har skjedd sidan sist.
Son min har fått seg ny iPhone og treng hjelp med icloud-kontoen.  Er ikkje lett skal eg sei deg å nullstille passord når man er i zombie-tilstand, men og godt å kome ut av denne OBT bobla og fokusere på meir kvardagslege ting ei lita stund. Rigger meg til for å kvile, føter høgt heva, sovnar momentant. Søv uavbrutt i ein time. DET var godt det. Det vert ein veldig fin og positiv stund med mine. Dei gir meg energi. No er det fakkerten meg ta, GO! GO! GO! for Bergen!

Uværet er raskt og rolegt, berre kort innslag med litt vind og yr. Det går fint opp Sandfjellet. Eit større høgfjellparti ventar. Er mykje stein på den merka DNT-ruta som leder inn til Torfinnsheim.

Eg møter på Endre igjen rett før det blir mørkt. Det er bra, for eg forstår at eg hallusinerer godt no. Ser ansiktstrekk i alle steinformasjonar, og mosen på steinane har forandra seg til å vere lesbar skrift. Dette har eg ikkje opplevd før, men ikkje uvanleg ved lite søvn. Høyrt og at andre opplev stemmer, lydar, kvite tankser, glødande lava, tigre og slangar. Mine hallusinasjoner med kva eg kallar huldrefolk, tusser og troll er bare fiffige og held faktisk nysgjerrigheita og oppmerksamheita mi meir oppe.

Torfinnsheim kl. 0200, her er fleire, prøver først å legge meg nedpå sofaen, men vil sove godt, so leiger meg eit rom.
Føter høgt heva, får eit par timar søvn inntil eg vaknar klissblautt av svette. Kroppen jobbar på, sjølv om eg kviler. Er uansett godt nøgd og forlet hytta i grei tilstand kl. 0853. Komboen med fokus på søvn og føter høgt heva held meg inne i løpet.

Kiellandbu kl.1057. Stien til hytta er ei skikkeleg naturperle, men endrar seg her i ny retning mot vatnet Vasset… og det namnet passar bra for her vassar me i vatn dei neste timane.



Eg og Anna fra Danmark har veksla litt på, etterkvart finn me same tempo med god prat inn mot Vending-hytta ca.Kl16

To timar kvile med proviantering, 15km til CP7 Kvitingen

Eit verkeleg naturskjønt område som etterkvart når opp i 970moh, før nedover til grusveg, 5km til CP7.

CP7 Kvitingen 437/454km

Ankomst: Onsdag 9/7 22:20 160t totalt
Etappe km: 57km (reell: 67km ,totalt 454km)
Tid etappe: 33t. Estimert: 24t. (grov bom på estimatet her)
https://kvitingen.no/

Ved Kvitingen ser eg ein kjent bubil. Pappa rakk meg akkurat ikkje på Voss, no har han køyrt heilt hit for å helse på og heie. Tatt seg ein sykkeltur og utforska området mens han har venta.

Mykje knott, so fort inn i hytta. Her er same sanitetsperson som på Vatnahalsen. Ho hugsar nok igjen fot-situasjonen min og eg får tilbod om fotbad for å rensa opp og av med alt av plaster. So vil ho sjå over føtene mine før eg reiser ut igjen.

Eg har jo sove i fire heile timar! Herleg! Eg set meg energisk ned ved matbordet og fortel stolt korleis eg har lurt systemet ved å vri meg kvart andre sekund i senga – for då kunne eg jo omgå to-sekunds-regelen.

” øøøh… Jeg tror ikke… jeg helt forstår hva du prater om…”

svarer deltakaren overfor meg...

Pinleg stillheit i rommet, blikk.
eg grublar…
Ajajaj… Endå ein draumehallusinasjon…
Men drit i det – eg har i det minste sove godt, sjølv om eg har vridd og vendt meg heile natta. 🙂

Ventar litt på morgonen for å få føtene godt plastra. (Tusen takk! kjære flotte sanitetsperson). Høgre ankel kjenner eg no lite til. Regimet med heva føter har tydeleg hjelpt. Lovar godt!
Endre er her og me avtalar å reise ut i lag.

break a leg?

CP7-CP8 Kvittingen – Gullbotn 26km

Avreise CP7: Torsdag 10/7 05:22
Tid på sjekkpunkt: 7t

Strava etappe

Det er ein tøff etappe som ventar oss no, kanskje den tøffaste, sjølv om den er på berre 26km (30km reell), men nesten berre Einar-sti. Dvs. parti der løypeleggjar Einar meiner det ein gong kanskje har vore eit trakk, og det trakket følger sjølvsagt ikkje terrenget. Det går i alle moglege retningar. Snittfart 16-20min/km.

Fyrste delen går me og i regn og tjukk skodde so har ingen referansepunkt, her er ein langt utanfor DNT-stinettet, lite hytter, ingen sti, ein føler seg som ein maur i denne endelause store naturen. Følger berre pila på klokka og kavar på.

Me blir parkert av dei som leder 125k Voss-Bergen. Då nr.2 passerar oss so aukar eg og takten i eit håp om at han kan lede an på navigasjonen, det går bra i 50m, so høyrer eg Endre ropar eit eller anna etter meg, noko so som; “er du gal?“, samstundes kjenner eg ein stikkande svie på innsida av venstre legg… Eg justerer ned tempoet att, realiteten tek meg fort att.

Eg og Endre har følgt kvarandre tett gjennom store delar av løpet.
Nesten som to einsame ulvar som endeleg fann kvarandre. Me vekslar på å ta føringa og samarbeider godt om navigasjonen.

Endre er eit skikkeleg diesel-lokomotiv, sjeldan stopp, berre tøffar og tøffar avgårde, imponerer stort! Fantastisk turfølgje!

Halvvegs i etappen, blir trøyttare og trøyttare, og eg blir stille. Innser at eg berre MÅ halde praten i gang slik at eg ikkje sovnar, og pratar truleg hol i hovudet på Endre – men det hjelper meg over kneika. Utover etappen får vi mange fine, gode og djupe samtalar. Det er verkeleg i slike settingar ein får vener for livet. Utvilsamt Endre som reddar meg denne etappen!


Når Hananipa er ferdig so er og venstre leggen ferdig, den vart verkeleg vond. Kjennest ut som legghinnebetennelse, som no meir passande kallas ein stressreaksjon i leggbeinet(MTSS), ein mogleg forløpar til stressfraktur/trøyttheitsbrot. Eg justerer både tempo og fotvinkel for å la ankelen ta meir av belastninga. Er dette slutten? Det blir ein vond og bekymringsfull nedtur til Gullbotn.

Me kjem til bebyggelse, vidare inn i eit naturvernområde med ein gjørmesti… den kan dei la naturen få ta tilbake på permanent basis.

CP8 Gullbotn 463/484km

Ankomst: Torsdag 10/7 16:32 176t totalt
Etappe km: 26km (reell: 30km ,totalt 484km)
Tid etappe: 11t10min. Estimert: 12t.
https://ut.no/turforslag/115699/gullfjellstoppen-fra-gullbotn

CP8, ankomst Gullbotn. Dei frivillige vil hjelpe meg inn, vil vaske skoa mine.
Eg vil berre setje meg ned på ein stol ute, ber om eit par minutt..
Hendene i ansiktet, skjule tårene som kjem.
Knekker rett og slett saman i ein følelsesmessig utlading.
Alt som finst av følelsar veltar over meg. Ei letting over at etappen er ferdig, komen so langt, ei lette over at løpet snart er over.
Enorm takknemlegheit – overfor familie, vener, frivillige og deltakarar.
Og. Ikkje minst… ein lun, god meistringsfølelse. For eg veit no at eg mest truleg kjem til å fullføre… Oslo-Bergen 2025.

– Må fullføre jobben, ikkje ta nokon sjansar, har framleis god tid til cut-off, treng ikkje stresse. Familie er venta å kome til Bergen i morgon, kan kvile godt her no og førebu meg skikkeleg for ein siste natt-etappe.

Ein deltakar eg har løpt med før i løpet må avslutte turen her. Høge betennelses-verdiar, sopass at ambulanse rekvirerast. Føler so uendeleg med han der eg so vidt ser i han på eit avstengd rom med mykje folk rundt seg. Er ein brutal avslutning på turen, rett før….

Hald deg oppreist…

CP8-CP9 Gullbotn – Bergen 38km

Avreise CP7: Fredag 11/7 00:35
Tid på sjekkpunkt: 8t
Strava etappe

Dette blir ein transport-etappe, tek det roleg, vondtene i venstre legg, ankel er handterbare enn so lenge. Har halde meg unna smertestillande på heile turen. Skal det gå dette, heilt inn?
Er bekymra for Endre, ser ikkje trackeren på kartet lenger, reiste tidleg ut frå Gullbotn, han må vere trøytt. Ser etter han i terrenget (viser seg at eg passerte han på etappen, låg då på redningshytta og kvilte)

Opp på Vidden, det nærmar seg, kik etter byen, det tikker inn heia-rop meldingar, folk følger med meg på trackingen. Ein god ultra-ven, Tom, ringer før Rundemannen, veldig kjekt.

Ikkje godt å gå nedoverbakke, vert faktisk bom stopp 1 km før mål. Ankelen har gjort ein kjempejobb, men er godt overbelasta no og meir og meir hoven…

Mål Meyermarken 501 / totalt: 523km

Ankomst: Fredag 11/7 13:43 198t totalt
Etappe km: 38km, reell: 39km
Tid etappe: 13t8min. Estimert: 12t.



Måååååål… jammen heldt det heilt til mål!
Her er fruen og andre son, gråtkvalt stemme på dei og, og jammen står ultra-ven Roy Magne her, som for 1,5år sida sa han skulle ta imot meg når eg kom i mål!

Oslo – Bergen er til vegs ende, målet er nådd. Dei største følelsane kom nok i går, det blir ein litt lavmålt feiring. Tomt i hovude, mest ivrig på å få kvilt litt no… Ferdig med eventyret, tilbake til kvardagen. Ei oppleving for livet….



epilog:
Oslo–Bergen Trail 2025 sette spor – både fysisk og mentalt –

Det tok ei veke før hevelsen i ankelen gav seg, og rundt ein månad før eg kunne trene igjen. Leggen kjennest framleis litt, men fungerer fint i trening.
Eg vart og godt metta på natur, og brukte hausten til å finne att godkjensla i terrenget.

Med den korte planlegginga, spesielt mangelen på fleir-dags-turar og synfaring/testløping av etappar – skal eg innrømme at eg var noko heldig som fullførde. Det er nok heilt avgjerande førebuingar i dette løpet, noko og resultatlistene visar, mange her som har fullført OBT før.

Søvnmangel vart definitivt den største utfordringa undervegs, estimerer ca 18t uroleg søvn totalt på dei 8 dagane. Det førde til absurde situasjonar eg ikkje hadde sett føre meg på førehand.

Erfaring frå etter kvart mange langløp hjelpte – det å ha vore i kjellaren før, vite når ein skal halde att, ikkje vere for ambisiøs, og ikkje minst, nytte seg av den gode sosiale dynamikken og energien man får ved å løpe i lag med herlege ultra-vener i denne fantastiske naturen som me har her i Noregs land. For eit eventyr. For ei oppleving! For eit minne for livet!