Haust, mørketid, tid for ny tur til Spania. Bror inviterte, eg fann løp.
Like ved Benidorm, ca 1t kjøring frå leilegheita til foreldrene mine fann eg Costa Blanca Trails. Eit fjellløp med distanser fra 20 til 101km.
101k og 84k distansene fristet, men med det lille treningsgrunnlaget i sommar og haust so fann eg fort ut at det var for ambisiøst. Er ikkje fysisk og mentalt klar for ein anstrengelse. maratondistansen på 46km såg meir overkommeleg ut. Kan verte ein fin og roleg avslutning på sesongen.
Desverre so var den fulltallig allereie. Legg ut eit innlegg på spansk og engelsk på deira facebook sida om at to nordmenn ønskjer startnummer, kjapt tikker det inn ein messenger melding med invitasjon frå løpsleiar og kode til å melde oss på. For ein flott gjestfriheit!
Torsdag kveld er me komen til feriehuset i torrevejia. Fredagen blir det handling på Decathlon. Er mykje kaldare her no enn i fjor, sol, men frisk vind. Artig å sjå forskjellen i bekledningen på folk, kan sjå kva nasjonalitet dei har ved åsjå på klea. Spanjoler i dunvest,skjerf og lue. Me trivest i kortbukse og skjorte.
Opp tidleg, får i oss noko frukost, tek med niste og ut på motorvegen med oss. Har skya til i løpet av natta.. når me nærmar oss so ser me at det er svære tåkebanker, og oppi fjella lyner det! heftig og! dei som løper 84 km starter to timer før oss og me ser køen med hodelykter oppover fjellet. Er no veldig glad for at eg ikkje er oppi der. Lyn og torden har eg respekt for! Heldigvis forsvinn tordentåka når det lysnar og me har blå himmel over oss.
Me finn fram til startnummer-utdelingen, no har me og med oss passa så alt går bra denne gangen. Fra starten i en fin liten landsby Finestrat, ca250moh går det altso rett opp 1000m opp til Puig Campana på ca1400moh. Totalt har distansen 2910 positive høgdemeter.
Målet for dagen er å kunne gjennomføre i god stil, skal ikkje stresse, ikkje ta os ut, unngå ulukker – rett og slett ha ein fin dag på stien.
I og med at det går rett opp på sannsynleg smal sti so nemner eg til bror at me bør alikevel bør kjøre litt på fra start, det blir nok vanskeleg og krevende å passere folk på stien om me hamner i feil felt frå start, samtidig so er sjansen for ulukker i bratt sti større blant uerfarne trege stigåere.
Starten går, litt køgåing før me løper på asfalt oppover og ut av byen.
Trur eg ligg plassert midt i feltet, ser an dei andre rundt meg, nokre har skikkeleg fått det allereie og sakker akterut. prøver å halde eit fornuftig tempo. Etter eit par kilometer er det inn på ein bratt smal sti og alt stopper opp. Rett utafor stien er det tornebusker, sand og løse steiner. det er heilt umogleg å passere. Her er det berre til å smøre inn tolmodigheita og følge køen. nokre spanjoler prøver seg på ein snarveg ved ein sving på stien, men da får dei klar tale om å finne tilbake til sin plass i køen frå ei spansk jente som går foran meg. Meget imponert! sniking ser me ofte på løp,har ofte hatt lyst til å sei ifrå, men er for beskjeden av meg. i dei brattaste parti blir det lett klyving, må alltid halde fullt fokus da det kjem ein del steiner rutsjandes ovenfra.
Dei fleste bruker staver, me har valgt å ikkje ta med i år Har kun innsjekket håndbagasje i flyet og i fjor vart stavene til kai konfiskerte i sikkerhetskontrollen. Antek at det er kun opp her me egentleg treng dei.
Bruker vel ca 1t og 15min på køgåingen til det flater ut mot toppen.
Kort stopp for å knyte skolisser på toppen, før det går nedover. Her blir det mykje knall og fall rundt meg. Mange som er ivrige etter å komme i gang med løpingen. men underlaget er farleg, sand oppå blankskurte steiner er ingen god kombinasjon. kjem etterkvart ned til ein skogsveg og her suser det ein del deltakarar forbi meg. Dei har nok hamna i feil felt opp fjellet antek eg. Ser på mobilen at på toppen låg på 201. plass, Kai var berre ca 8 minutt bak.
Kjem i eit greit tempo inn mot første matstasjon. kort stopp her, for eg ser dei som fauk forbi meg, no ser dei slitne ut!
No kjem neste motbakke ca 15km og det er en veg med betongdekke. Eg Føler meg bra og småjoggar forbi nokre . ettterkvart gjer eg sport ut av det å passere deltakarar. Taktikken blir å løpe på dei lettaste partia, men eg starter å løpe før det blir lett. Eg tek meg fort innatt bortover flata.
Passerer sikkert 30 deltakarar oppover her, og tenkjer at det hadde no vore kult å komen inn blant dei 100 beste, dvs passere halve feltet som var framfor meg ved den første toppen. Først og fremst kjem sikkerheten, men vi er no ikkje på noko gåtur heller, so eg bestemmer meg for å halde eit godt driv vidare so får me sjå om eg held stilen heilt inn.
Me løper mellom flotte høge fjell. Ser mange fjellklatrarar henge oppi der. Ser på nettet etterpå at området er ein kjent og populær klatredestinasjon.
Veldig fin og variert løype, veksler fint på harde kneiker og fin stiløping.
Ved 27km er eg på 128 plass, hmm, dette går bra, får mykje motivasjon av å ta att folk. Men går lenger mellom kvar deltakar no. Når det går nedover so er spanjolene og kvikkare på foten enn meg. Er ikkje komfortabel med underlaget so tek det rolegt for så å innhente dei på flatene og motbakkene.
Krampa kjem ved 38km. kan fint løpe enno, men rykker godt i låra. Kjem i prat med ein hyggeleg spanjol, han løper 20km, løp 46k i fjor, har med seg ein spray (is-spray?) Mener det skal hjelpe. kort stopp, takker for hjelp og prat. Terrenget endrer seg og det er nok det som gjer at eg klarer å halde krampa unna.
Held eit greit tempo inn til Finestrat, ser på mobilen at eg ligg på 106. plass. Vanskeleg no å vite om du tek att deltakarar i din distanse. Startnummerene er farget etter distanse so eg kik ofte bak meg når eg passerer deltakarar.
Pappa står ved inngangen til byen, vil nok at eg skal stoppe, men eg vil i mål, løper gjennom byen til energisk heiing frå innbyggere og deltakarar.
Kjem ned til målområdet og forstår ikkje kor eg skal løpe, ser målbuen men adkomsten er sperret med gjerding, prøver med engelsk og fingerspråk til ei dame men ho berre går sin veg… ser at sist passerte deltakar kjem mot meg, set avgårde mot den retningen han har, me skal under ein slags terrassetak, for så å runde inn mot målbuen.
Eg når målet mitt og blir nummer 100! 7t28m
Kai fullfører og i god stil, so god følte han seg når han kom i mål at han fortsatte å løpe….. Han hadde nemleg tatt feil retning tidlegare i løypa og nærma seg no 50km på klokka så nedover byen forsvant han vidare, mens forvirra funksjonærar ropte og begynte å kjøre og tute etter han for å forklare at han måtte stoppe fordi han var komen i mål.
Sko: Hoka Speedgoat 3 WP – fungerte topp! Valgte rette sko for denne løypa.
Klokke: – Garmin Forerunner 310XT
Sekk: Kalenji.
Næringsinntak: – vann, gels og sjokolade i sekken. Matstasjonene var veldig bra med mykje frukt, appelsiner,kjeks, smågodt, vatn og sportsdrikke.
Heimeside til løpet:
http://www.costablancatrails.com/
Resultat: https://www.mychip.es/resultado/costa-blanca-trails-2019-19/finished
Fotogalleri:
https://www.facebook.com/pg/CBTRAILS/photos/?ref=page_internal