Kun 14 dager før løpet kjøper eg ein ledig startplass til Rondane 100. Eg har hatt dette løpet i baktankane heile året, men fjorårets tøffe reise under Soria Moria – Verdens Ende sit fortsatt godt i. No når det gjekk sopass bra ved Lustrafjorden Inn so tek eg sjansen. Betre å gje det eit forsøk enn å angre heile vinteren på at eg ikkje prøvde.
Rondane 100 (14-15 aug. 2021)
Løpet vart første gong arrangert i 2020, det er eit av få terreng ultraløp her i Norge som har 100 miles (160km) som distanse. Det er og 50 miles (80km) distanse. (100km i 2022)
Løpet tar oss med på ein rundtur inn i hjartet av Rondane nasjonalpark med start og målgang i Folldal. Ruten beskrives som teknisk krevende og følger DNT sitt stinettverk i store deler av traseen. 6 UTMB poeng.
Heimeside: rondane100.no
Instagram: @rondane100
Facebook: https://www.facebook.com/rondane100
Kvar gong eg deltek i eit so langt og krevende løp so går eg heilt i “ultra-modus”.
Heile tilværelsen og all fokus er retta mot løpet, det er full katastrofeavklaring! Kva kan/vil gå galt og korleis skal eg forhindre det. Ufatteleg mange små problemstillinger blir kjempestore jo meir eg grubler. Det tek so mykje oppmerksamheit at eg rett og slett ikkje klarar å eksistere i den vanlege kvardagen. Fann det difør best både for meg og dei rundt meg at det var berre å ha seg avgårde allereie torsdagen. Eg pakker varebilen stappandes full med madrass, sovepose, primus,klær og alt av løpestæsj eg har i huset.
Folldal next!
Ankommer Folldal ca kl20 torsdag kveld, tek ein sightseeing tur rundt i bygda og stopper ved gruvene som har skapt grunnlaget for bygda.
Været!
Værmeldinga lover absolutt ikkje godt…
Veldig, veldig mykje regn, kraftig vind med sludd og minusgrader inni Rondane.
Har innsett at dette blir tøffe saker, sopass at eg allereie før avreise mentalt innstiller meg på at her er moglegheita for å fullføre veldig liten.
Men eg skal stille til start og so får me no ta det som ein ”tur”.
Eg skrur motivasjonen over til at det er betre med ein DNF (Did Not Finish) enn ein DNS (Did Not Start) 🙂
Fredagen bruker eg til å køyre litt rundt i området, med ein tur til Alvdal.
Kjøper meg nokre vanntette varme alpinhansker før eg tilbake i Folldal tek ein kilometers løpetur, handler og registrerer meg før pakking av dropbagane.
Overaskande so dukker foreldrene mine opp, med bubil. Visste at dei var på veg til Rondane men hadde vel berre ventet å sjå dei ved ein matstasjon eller etter løpet. Koseleg å få kome inn og ete kvelds med dei.
Kl20 er det racebrief med god og grundig gjennomgang av løpet. Me blir advart om at me kjem til å møte vinterlege forhold inni Rondane og sterk påminning om at den oligatoriske utstyrslisten er kun eit minimum og ikkje ein anbefaling.
Start kl07:00 Laurdag 14.August 2021
Starten går puljevis kl 07.
Tre puljer med to minutts mellomrom.
Regnet som skulle bøtte ned i natt kom ikkje til Folldal før me stod opp i 06 tiden, lett regn hittil og grei temperatur .
Første etappe tek oss med på ein rundtur nord for Folldal, først opp til gruvene so vidare inn på vekslandes sti og grusveg opp til ca1230moh
So er det kjempegod flytsti ca.10km nedover igjen til Folldal der me tek ny retning mot første sjekkpunkt i Nygruva ved 37km.
på flytstien treff me på fotografen…
Foto: @joakimdokka , Rondane100
Må jo sjølvsagt finne på noko sprell da..
Foto: @joakimdokka , Rondane100
Fin etappe, kjekt og å sosialisere med andre deltakarar på denne etappen.
Er faktisk litt opphaldsver, fin sikt og fortsatt greie temperaturer.
Tek eit snublefall i ei rot før CP1 men alt ok. Har holdt godt tempo i nedoverbakkane, sopass at eg kjenner krampetendenser i låra. Ankelen eg tråkka over på for ei veke siden ser og sitt snitt til å sei ifrå om at alt er ikkje i orden enno…
Ankomst Nygruva 4t30min 37km. kl1130
Ved matstasjonen på Nygruva er det kaldt og trekkfullt. Me får gå inn i ei lita bu for å kle oss om og ete. Legg meir gels,og sjokolade lettare tilgjengeleg framme i sekken, har kun fått i meg to små sjokolader hittil.
Etappe 2 Nygruva 37km CP1 – Dørålsseter 77km CP2
På veg ut av sjekkpunktet so piskar regnet med full kraft mot oss. Full stopp med ein gong for å ta på bukse og hansker.
2. etappe frå Nygruva går og veldig greit, frå ca45km er det inn på ein 10km lang grusveg, prøver her å veksle på, bryte opp den monotome løpinga med litt gåing. Grusvegen går overaskende fort unna, er tydeleg på veg inn i “bobla” der timene berre flyg avgårde.
Nærmer oss 70km allerede, neste matstasjon Dørålseter er ved 77. Dette går jo veldig greit, eg spør ein deltakar om kva som ventar oss no. “Jau, no skal me inn mellom nokre fjell der det ser ut som om dei har sprengt med dynamitt” seier han..oki ja so det er derfor eg har so god tid til cutoff no altso. Cutofftiden ved 77km er satt relativt strengt til kl20 og klokka er no berre 17. Dørålglupen som fjellpasset heiter viser seg å vere fleire kilometer med steinur, glatt og jævligt. Her kreves det full fokus!
På veg inn forferdelege Dørålglupen, her måtte eg pakke ned GoProen da det vart so vått og ulendt herifrå at alt fokus handla om å føte seg rett og halde framdriften.
Frykteleg fornøgd med å sjå matstasjonen på Dørålsæter 77km ca kl. 18:18. 11t18m.
Har god tid til cutoff. Her bles og regnar det godt. Pappa er komen med bubilen. Kort stogg på matstasjonen, ser deltakar som skjelver av kulde inne i rødekors teltet, dei små telta gir ikkje mykje ly og varme, viser seg at det er mange deltakarar som gir seg her forståeleg nok. Takk da for at eg kan kome inn i varm bubil, Pappa lager kaffe og gode skjever medan eg byter alt av kle. Stilongsen kjem på. Bubilen rister godt i vinden, no venter kvelden og mørket…
Gir tommel opp til mor….prøver å verke roleg og fattet, men innerst inne er eg meget spent på nattas komande utfordringar…
3. etappe Dørålseter CP2 – Straumbu CP3 77-106km
No faller tempoet kraftig, er sjelden under 10min/km herifrå. Terrenget er steinete og dårleg DNT sti. Skal inn i Langglupdalen og over løypas høgaste punkt ca 1430moh.
Rundt oss er Rondanes 2000m topper, ser ikkje toppane, snøen har lagt seg oppetter fjellsidene. Det skumrar, tek ikkje pauser, må halde framdrift, vere i bevegelse for å halde varmen. Er aleine, men veit det er deltakarar ikkje langt foran meg og nokre bak, vurderer for sikkerheitgrunnar å vente på dei bak, men må berre halde meg i bevegelse, vinden aukar og no snør det vannrett, heldigvis bakfrå. Tek ei iskald elvekryssing. Dei “vanntette” alpinhanskene eg kjøpte er klissande blaute..finn etterkvart ein teknikk der eg trekk hanskene litt ut frå handa, lar vatnet renne ned ytterst i tuppene og klemmer so vatnet ut. Klarer å halde meg varm på hendene med dette.
Venter med å ta fram lykta, da eg kom på at eg ikkje har satt i nye batterier i begge lyktene eg har med. Har sjøvsagt ekstra batterier med, men veit ikkje kor lenge dei varer. Veit og at dette er katastrofetenking deluxe men det er og noko eg burde visst og sjekket ut, er ikkje rom for å kun stole på utstyret i sånne omgivelser, sånt må testast og erfarast. Venter dermed i det lengste med å setje på lykta…sjølvsagt tykkjer eg den blinker for lavt batteri med ein gong, set den på lav belysning.
Har sett nokre lys på andre sida av dalen, langt langt vekke, etterkvart so dukker det opp fleire og fleire lys, i ei flott lysrekke. det er alle deltakarane som er foran meg.
Reflekterer over at eg tenker mykje negative tanker no, uvær, kaldt og det tøffe terrenget med gjentekne steinurer tek på tolmodigheita… Kva tenkjer arrangøren tru? Det er rimeleg tøffe forhold her ute no..stoppar dei løpet? legg dei om traseen? har det skjedd ulukker?
Eg får kome meg til neste check point og ta det som ventar meg. Overbeviser meg sjølv om at dei legg om traseen til bilvegen inn til mål. Da er det fortsatt eit håp om å fullføre løpet.
Nede ved Bjørnholslia so betrar heldigvis terrenget seg, syv seige men greie kilometer igjen til CP3 Straumbu 107km.
CP3 Straumbu 107km kl 0040 17t40m
Er spent på kva som venter meg på CP no, må sei eg vert overaska når eg blir møtt med vill jubel, kubjeller, gode smil og super stemning. Okey, da er ikkje løpet avlyst altso, kan det rett og slett vere at det ikkje er so tøffe forhold som eg trudde?
Får spørsmål om eg vil vidare.. Jaja! har det helt greit eg….. seier eg vel vitande om at det er ein lege/helse sjekk her. Ein rødekors kar kjem bortom og stiller eit par spørsmål, får og ny tracker (sporingsboks alle har fått utlevert) da den forrige har ikkje virket på mange timar…
Ser mange deltakarar inne i varmeteltet, verkar ikkje å vere travle med å reise vidare. Løparen bak meg kjem inn, dette var ein tøff etappe seier eg i håp om ein bekreftelse av min oppleving…Det bekrefter han, trur han ga seg her.
Forledrene er komen hit og, klokka 01 på natta! Me går inn, tek nok eit klesskift fra topp til tå, skitner skikkeleg til inni bilen og lukter sikkert ille men fy for ein luksus og service: 30 varmegrader, kaffe og mat hjelper godt på motet for fortsetjinga 🙂
Stjeler og med meg batteriene frå tvfjernkontrollen deira for lysbackup. 🙂
Ut på tur igjen..
Etappe 3 Straumbu 107km CP3 – Breisjøseter 122km CP4
Etappe 3 startar ikkje bra, slit med å finne stien allereie frå vegen, fått vite at me skal strakt opp 700hm, men roter enormt med navigasjonen, er innom noko trakk av og til men er mest ute og bakser i lyngen. Erindrer at løpsleder på prerace-møtet og sa noko om me skulle ut i lyngen ein eller anna plass, so stresser ikkje so mykje, følger berre etter navigasjonspila på klokka ( ser dog på sporet mitt i ettertid at eg heile tida har gått ca 10m frå stien)
Det heile topper seg på høgaste punktet…går etter pila på klokka da den svinger over til høgre, høgre og sånn driv eg på til eg forstår at her er det noko rart…
Ser rundt meg, ser ein varde til høgre, følger pila vidare, ser varden fortsatt til høgre… eg bryt ut i latter…. her drive eg altso og går og går..rundt og rundt ein varde…heilt åleine..midt på natta,..midt inni villaste Rondane…
Veit ikkje kva som gjorde at eg gjekk rundt og rundt men kan nok setje ein del på trøyttheit saman med begrensa klokkenavigering. Eg finn vegen vidare men den forholdsvis korte etappen vidare til Breisjøsæter blir fortsatt preget av mykje navigasjonssurring da eg klarar ikkje å halde meg til stien i mørkret, og havner uti såpeglatt steinur gang på gang. Meget lite løpbart.
I skjellødalen har det lysna men her er ein iskalde vind frå nord. Heldigvis so skal eg ikkje inn dalen, bare krysse over og ned til ein grusveg som fører til CP4 Breisjøsæter 122km kl0514 22t14m
Her møter eg endeleg på folk igjen, har ikkje sett ein levandes sjel eller lykt siden eg forlot CP3. Får kome inn og varme meg foran peisen med ein fantastisk kjøtsuppe. Tre deltakarar er på veg ut.
Nye trackeren min virker visstnok ikkje no heller, bra eg har satelitt trackeren baki sekken, da har iallefall fruen kontroll på kvar eg er. Får høre at me no skal opp mot den iskalde vinden som eg møtte i Skjellødalen. Er visst fleire som har ventet lenge her for å varme seg opp nok til å ‘face’ motvinden medan nokre har gitt seg og dermed overnatta her da man ikkje kan bli henta ut med bil.
Eg tek på meg dobbelt lag med ulltrøyer, er positivt innstillt – fått trua – ser mulegheita for å fullføre no! Kun ein maratondistanse att, terrenget skal vere lettare no og eg har god tid til cutoff.
ETAPPE 4 Breisjøseter 122km CP4 – Grimsbu 150km CP5
Den frykta vinden uteblir da det har roa seg på morgonen no, regnbygene er færre, temperaturen er på veg opp, eine ulltrøya må av.
Mykje løpbart på denne etappen, men eg er sliten, vil heller ikkje ta nokre sjanser so blir mykje gåing. Ingenting haster, eg jakter ikkje på pallplasseringer eller sekunder, her er det berre om å komme seg vel i mål.
Kjenner på ei lettelse når eg nærmar meg bebyggelse, kan slippe ned på fokuset, tek fram mobilen, tek nokre bilder, sender meldinger til fruen, pappa og løpsleiar om kvar eg er og at status er ok. Men timene går fort og kilometerene er seige.
CP5 Grimsbu kl11:38 150km 28t38m
Matstasjonen dukker opp før eg venter det, får eit gledeleg gjensyn med bror min sin tidlegare leigebuar som no er hjelpar ved matstasjonen. Får god solbærsaft, kun 15km igjen so vert ein kort stopp her, vil fullføre.
Etappe 5 Grimsbu 150km Cp5 – Folldal 166km Mål
Fine grusveger, forsøker meg på ein slags intervall, der eg joggar 1km og går 1km, tek faktisk att to av dei som var på Breisjøseter. Kortar intervallene ned til 500m, so 200m før eg innser at føtedn vil ikkje meir, har fortsatt stilongs på og so blir fort heite. Blir rask gåing heretter. Ved 4km kjem pappa syklandes, perfekt! da eg her er inne i ein skikkeleg downperiode. 4km er jo so kort men når eg rekna på det so ville eg med tempoet mitt bruke over 40min! Med god prat so går dei neste kilometerene raskare, siste kilometeren løper eg inn til mål.
Folldal, Søndag 15.aug. kl14.30 31t35m 166km
Dei siste meterene av totalt166 140m
Klassisk velkjent positur for alle som har fullført ein ultra
Totalt vart eg nr. 15 av 23 som fullførte, nesten 60% brøt løpet.
Har da på tre år fullført tre av tre mulege 100miles løp. Mest fascinerende er at det ikkje blir enklare med åra, snarere tvertimot. Ved sleke distanser og tidsbruk er det garantert at man vil møte på utfordringar. Denne gongen var det været som bydde på motstand, føler no etterpå at den gode førebuinga var den største utslagsgivande faktoren til å kunne fullføre i år. Hadde vel 6 kles-skift, frå topp til tå underveis.
Fjorårets SMVE var dog ein mykje tøffare reise (35t) mens Rondane100 er det ‘farligste’ løpet eg har vore med tanke på uværet, terrenget med såpeglatt steinur samtidig med at trackingen ikkje fungerte for dei fleste, langt inne i eit veldig lite tilgjengeleg område. Ser at det er komen kritikk på nettet til arrangøren om uansvarlegheit med tanke på at dei ikkje hadde oversikt over deltakarane. Eg vil ikkje kalle det uansvarleg men dei kunne nok ha tilrettelagt arrangementet noko, blant anna med meir ly og varme på matstasjonane, uansett so er man til slutt sjølv ansvarleg for si eiga sikkerheit, tilpasse seg etter forholda, ta ein risikovurdering og heller avbryte om man ikkje føler seg trygg lenger. Eg hadde god tryggleik ved ha med ekstra klær og utstyr som eigen satelitt-tracker og vindsekk.
Når det gjeld traseen og løypa og området generelt so kan eg ikkje uttale meg so veldigt da det var so spesielle forhald. I år vart det mykje skodde, glatt steinur og oversvømde stier.
Det er ein fin variasjon av grusveger og fine stiar som gir mykje god løping på 1. og 2. etappe inn til Dørålglupen. Når du kjem inn i hjartet av Rondane på 3. etappe so er det veldig mykje stein og vanskeleg terreng. 4. etappe er enklare med mykje løpbart men da var føtedn slitne.
Arrangementet var veldig bra, fikk god informasjon både via nettet og på racebrief. Ivrige, blide og hjelpsomme servicefolk på matstasjonene. Gode fotografer, bilder lagt ut på nettet uka etter er bra! Desverre svikta tidtakingen i år so dei heime fikk ikkje sjå utviklinga.
Oppsummert: meget godt fornøgd med turen og fullføringa.
Takk for at du ville lese denne tur-rapporten.
Utstyr, ernæring, strava, gpx:
Sko: Salomon S/lab ultra 3 – Nyinnkjøpt, halv størrelse for store men passa perfekt i blaute tjukke ullsokker. Gjorde jobben utmerket. Føtene heilt fine inntil 150km da hadde sokkene tørket og eg fekk nokre blemmer under tærne.
Klokke: – Garmin Forerunner 245 : Klokkenavigering er digg og veldig bekymringsløst, satte klokka til lading ved kvar matstasjon
Sekk: Kalenji 10l. smekkfull med lykter, sikkerhetsutstyr,mat,drikke og klær. Pakket alt innhald inn i små plastzip poser.
Stavar: Black Diamond Distance CarbonFLZ –
Lykt: Black Diamond– STORM 400 og BD Spot reservelykt
Næringsinntak: – Vatn, gels, smågodt, sjokolade i sekken. Brødskjever,spekeskinke, kaffi på matstasjonene/bubilen. Bra tilbud på matstasjonene. God varmandes kjøtsuppe på CP4.
Sett på stien: To småbrisne karer som slo lens utafor turisthytta Bjørnhollia skvatt godt når eg kom rundt hjørnet midt på natta. Spørte om dei ville bli med til Folldal – det var dei ikkje interresserte i.
Strava: