Midnatt, mørkt, seks personar, ved ein bom, langt inni granskogane på Kaupanger.
Det er ein månad sidan eg sat og leika meg på strava, teikna rute, såg på avstandar, lyst på ein langtur, finne ei utfordring..
Roy Magne utfordra meg under SMVE til å finne ein langtur i Sogn. Her inne er det jo berre fjord, høge fjell og djupe daler…
Kik på kartet kor det kan vere løpbart, det må jo vere på fjellryggane det da, teiknar ei rute over ein fjellrygg. Vidare ned til ei bygd, opp eit fjell, ned til ei ny bygd…slik held eg fram til eg ser at eg har teikna rute langsmed nesten heile fjorden i Luster. Trekker startpunktet nett inn i nabokommunen Sogndal til første topp-punktet i Lustrafjorden… og da har me jammen ei meining med turen og konsept: Dette blir jo Lustrafjorden Inn!
Eg sender ruta eg har teikna til Emma, langløpar som bur i Solvorn. Ho er med. Roy er med… Alle eg spør er interessert, om ikkje no so iallefall neste år.. Interessen er so stor at det går opp for meg at her har eg funne ei utfordring som folk likar. Kan dette verte noko meir enn berre ein langtur? Eit løpskonsept? Og eg forstår jo i grunn kvifor det fengar. Ekte vestlandsnatur med bratte fjell og dalar, innom levande bygdesamfunn, kultur og severdigheiter.
Fjell for fjell – bygd for bygd – Vel di etappe eller ta heile fjorden inn.
Dermed vert det eit mål med turen, avdekke potensialet og interessen for eit mogleg nytt terrengløp her i Sogn. Løypa blir lang og bratt, over 90 km og over 5000 hm. Noregs finaste og tøffaste terrengløp? Er det mogleg da?
Veka før tracka eg store deler av ruta, og eg er veldig glad for det. Det er stor skilnad på å følge ein teikna strek mot eit skikkeleg tracka spor. Spesielt om det blir skodde og lite sikt. Det vart ein del ruteendringar siste dagane, både for å få inn mer utsikt, og for å gjere løypa kortare og meir direkte. Me finn stiar på kart som ikkje eksisterer i verkelegheita, og motsatt; stiar som ikkje er på kartet.
Me er no 7-8 stk. som stiller til løp. Kona stiller seg tilgjengeleg som kontaktperson undervegs og for å betjene matstasjonane. Pappa vil vere med å køyre oss til start, fleire frivillige vil vere med, samarbeidspartnarar stiller velvillig opp…Alle er med på denne ‘ville’ planen min.
Servicegjengen min bestemmer seg for å køyre eit so godt serviceopplegg som mogleg. Sjølv om dette berre er ein test-tur so ville dei gjere litt stas på deltakarane, gje den same opplevelsen og oppmerksamheita som det er i slike løp… Dei fortel ingenting til deltakarane. Eg informerer som avtalt om at me tilbyr transport av bagasje/dropbag, kvar det er tilgjengeleg vatn, og at det i tillegg er litt frukt, mellombar og chips på avtalte matstasjonar. Det er det dei får vite. Og det eg veit.
Ventetiden til starten ved midnatt føltes tung, lang, nervøs og kjedeleg.. Eg har berre lyst til å setje i gang; løpe, gå, kun ha eit fokus: framover, nyte natta, dagen og turen, kjenne på kroppen sine signal. Eller som Roy chatta til meg…”Gleder meg til å bli sliten”
Startfeltet består av ein god gjeng. Seks stk. startar i skogen på Kaupanger, medan ein vil starte litt over halvveges i Gaupne når me kjem dit. Obligatorisk startbilde vert teke, og so tuslar me avgårde innover skogsvegene. Me avtalar med ein gong at alle står fritt til å halde sitt eige tempo, so raskt forsvinner Malene, Geir Olav og Emma småjoggande oppover. Eg og Roy danner baktroppen. Me har mykje å mimre om so tek det roleg. Kai, bror min har ‘tjuvstarta’ vel ein time tidlegare.
Etter ca. 2km tek me av grusvegen og inn på ein sti som fører oss til det ytterste topppunktet på inngangen til lustrafjorden; Søre Gråbrørne. Her har eg ikkje tracka løypa, so litt spent på området. Gledeleg å sjå at sjølv om stien er smal og det er bekmørkt so tek den oss fint fram til toppen. Litt før toppen møter me på Geir Olav og Malene som har vore oppom og er på veg tilbake. Spør etter Emma… ikkje sett ho, det var rart.. men me har og avtalt at denne toppen og Haugmelen kan veljast vekk og ta ei direkte linje mot Solvornnipa, det vil gjere turen litt kortare. Kai har og valt dei vekk på denne turen.
På toppen ser me innover Lustrafjorden. Me finn ut at dei toppane me ser laaangt der borte er dei neste me skal innom. Spesielt Molden ser ut til å vere ei dagsreise unna.
Det gir ein ekstra dimensjon å løpe med hovudlykt. Me valde midnatt som startpunkt, for å gjere unna mørket tidleg på turen medan me var opplagde og fokuserte, og ville helst ha alle inn til Skjolden før ny natt trua. Vanskeleg å vite kor lenge me ville bruke på vel 90 km og 5000+ hm…
Tilbake til skogsvegen med rolig jogg før me tek inn på ein sti mot Vardahei. Roy kommenterer at eg har fått meg ny klokke, jepp! MED navigasjon, kvitrer eg stolt tilbake. Med fjorårets tunge navigeringsproblem under SMVE i mørke og høljeregn i minne der eg vart heilt avhengige av andre for å kunne fullføre. Det er berre det at no i mørket og med mitt etterkvart litt aldrande syn, so klarer eg altso ikkje å SJÅ på klokka kvar eg skal. Framleis avhengig av Roy med andre ord. I tillegg so lyser klokka hele tida, prøvar å slå lyset av, men det slår seg på att…finn ut at det er kvar gong eg vrir på handleddet at klokka lyser opp, må altso halde handleddet i ein viss posisjon til det blir lyst om eg ikkje skal gå tom for straum til klokka 🙂 Alltid tekniske ting som kan forbetrast til neste tur…
Får melding frå Emma….”Jag har lyckats virra mig bort, men de löser sig säkert. Sprang på så var jag för långt kommet.”
Godt å høyre fra ho, men ikkje bra at ho har løpt seg vill. Me er no og i det einaste området uten dekning, so tek ein time før me får kontakt att. Får sendt nokre kartbilder av lokasjonen vår, og sender ho tlf. nr mitt og ber ho ringe for evt. hjelp.
Inn mot Vardahei og Vatnasete kjem me over skoggrensa, og terrenget opnar seg opp. Her er det god løpbar sognasti (sauesti) og neste fjell nærmar seg. Ein kort stopp for gnagsårplastring av to hæler. Skoa eg kjøpte før turen har ikkje levert, mykje vondter allerede, eg gleder meg til å byte sko i Gaupne til dei utslitte men gode slab 2.
Emma har kommet seg tilbake til start, ho vil løpe vidare langs hovedvegen, fantastisk… der dei fleste hadde gitt opp so klarar ho å snu om mentalt og fortsette, for ein innstilling!
Det er blitt lysare no kl04. vidare frå Store Haugmelen fann eg ikkje noko sti sist, so me prøver ei ny rute; går ned på sjølve framryggen og forbi Vesle Haugmelen i front. Steinete, og ingen sti her heller, men faktisk helt greit. Tett og tung lyng på baksida under trackingen førre veke, dette var betre. Malene og Geir Olav går topp til topp og held seg på høgaste punkta, mogleg det beste sporvalet.
Sjølv om det ikkje er sti so ser me greit kor me skal gå, er berre å halde seg på ryggen ca. 5 km bortover til neste fjelltopp; Solvornnipa. Sender eit bilete til løpegruppa vår her ifrå, og får melding tilbake om at Malene og Geir Olav er komen til Solvorn.
Ned frå Solvornnipa er det fin sti som tek oss raskt nedover ned til Solvorn.
Hadde visst teikna ruta gjennom eit privat gardstun, so her lister me oss forsiktig gjennom grindane for ikkje å vekke nokon. Må legge om ruta til evt. neste år. Klokka er no blitt 07, og me byrjar å møte på folk ute på morgontur. Heime hjå Emma har me før start lagt ut mat og drikke. Koseleg å sitje i eit lysthus og fylle sekk og mage før me skal opp 1000hm til Molden.
Oppe på mollandsmarki ringer/vekker eg fruen. Ho er klar til å bemanne matstasjon i Gaupne. Ho får rett etterpå og melding frå Malene og Geir Olav, dei har passert toppen på Molden og estimerer ankomst i Gaupne til matstasjon”crewet”. Eg ringer Kai for status, han er og på Molden, utruleg nok går dei forbi kvarandre i løypa uten å sjå kvarandre.
Me løper forbi bratte gardsbruk med ein einorm flott utsikt, berre synd at gråveret som har komme sigande ikkje får fram den flotte turkise fargen i fjorden.
Men heldigvis fin temperatur og ikkje for vindfullt. Enno. Eg klarar å ta Roy med på eit par hundre meters feilnavigering før me kjem oss inn mot “turiststien” til Molden. Her var det visst kø opp dagen før, i dag passerer me berre to personar på veg opp. Eg føler meg bra, har mykje energi og eg og Roy har vel prata frå oss det meste etter ca 8 timar. Eg spør om eg kan gasse på, usikker på kor lurt det er, og kva slag gjestfriheit det er, men han berre ber meg kjøre på og jagar meg avgarde. Eg sluker ein redbull og finn eit fint driv. Oppe på Molden innser eg at her må me neste år legge ruta bortom masta mot fjorden, for ved sjølve varden er det begrensa utsikt, spesielt i dag med litt gråvær. Det bles friskt, knipser eit bilete og fortset nedover i godt tempo mot Marifjøra og vidare til Gaupne.
I Gaupne, etter 53km, er den første bemanna matstasjonen ved handlesenteret Pyramiden. Kubjeller, flagg og heiarop møter oss inn til matstasjonen, overraskande med so mykje lyd og stemning!
Veldig kjekt å sjå familie og vener. Får topp service hjå fruen! Påsmurt skive, appelsinbåtar, druer, kaffi, chips, jus og brus, sjokolade og alt mogleg. Byter sko og får lada litt tlf og klokke. Mange nysgjerrige handlande/publikum kjem bortom og lurer på kva i alle dagar dette er for noko… må innrømme at det er litt stas, me ultraløparar likar litt merksemd og blest rundt ‘greia” vår. 🙂
Etappe 3 er opp nye 1000hm frå Gaupne via Flatningane til Stordalen, og so ned til 0moh i Luster, omlag 15km til neste matstasjon.
Fyrst bratt opp til Lø, ein gamal ferdselsti. Her er det heilt innafør å ta ein kvil i bratta.
Sjekker litt SoMe oppover. Har fått gode hjelparar der og til å oppdatere og promotere turen undervegs. (Takk Linda!) Eg ser i eit videointervju med @malenehau at dei trur at dei grunna vinden kanskje må ta bilvegen istadenfor fjellet på 4. etappen frå Luster og inn til Skjolden. Værmeldinga lovar ikkje bra, det skal komme regn og meir vind på kvelden. Det gjer valet greit for meg, tek dei vegen so gjer eg og det.
Langt oppi bakkane over Luster finn me det gamle sanatoriumet Harastølen, frå 1902. Bygget vart ei tid nytta som psykiatrisk sjukehus, og som eit heller mislukka asylmottak på 90-talet. Stor bygningsmasse som har stått til forfall lenge no, og bestemd klart til riving, inntil nye kjøparar no satsar for fullt og vil bygge hotell. Spennande planar…
Opprinneleg var planen min å legge turen innom eller rundt dette bygget, men i år er alt sperra av, mogleg neste år kanskje, hadde vore kult med ein drikketasjon her? Få med litt kultur og severdigheiter må vere heilmaks på ein so lang tur.
Nedover til bygda Luster føl me gode stiar på tvers av bilvegen som går opp til Harastølen.
Eg hadde synfart her veka før og sleit da med å finne beste ruta ned til matstasjonen. Det vart da ein noko dristig elvekryssing og baksing i meterhøgt gras. Far min tok seg dermed ein tur oppi og fann eit betre spor, so ruta her var ny for meg og. Og ei klar forbetring. Det viste seg desverre at fleire av deltakarane ikkje hadde lagt inn nyaste gpx-fila so forståeleg at det vart forvirring her.
Midt inni skogane over Luster treff eg på Geir Olav, me held saman ned til Lustrabui, neste matstasjon der fruen igjen tek oss i mot.
Her har me fått samarbeidspartnar Digital Etikett til å sponse ein lustrabui-bolle til alle deltakarane noko so fell særs godt i smak.
Kai kjem og inn til matstasjonen… har vorte ein einsam tur for han, han har heller ikkje her sett at deltakarar har passert han.
Dei to fremste, Malene og Håvard har valt å løpe over fjellet… aiaiai da må eg ta det vanskelege valet likevel. Eg vel fjellet, men vil nett ringe Håvard for ein førerapport fyrst. Den telefonen rekk eg ikkje ta før himmelen opnar seg for fullt og det kjem inn ei skikkeleg byge og kraftig vind. Alle evakuerer under tak. Da vart valet enkelt likevel. Sikkerheiten fyrst. Eg, Kai og Geir Olav tek bilvegen saman inn til Skjolden. På med refleksvest og rolig jogg dei siste 9 kilometerene.
Emma har i mellomtiden løpt heim til Solvorn, byttet til løpesko og løpt vidare inn til Gaupne 73km! Utruleg bra prestasjon etter den tunge starten.
På 4. etappen som eg vil karakterisere som den finaste etappen so må eg altså berre supplere med bilete frå nokre dagar før då me tracka ruta. Fyrst bratt opp til Børestein som ligg på 985 moh, eit utsiktspunkt over Luster.
Ei fantastisk natt og dag er over..det er god stemning i målområdet 🙂
Alle deltakarar og ikkje minst støttepersonellet har prestert over evne. Er rett og slett stolt og ydmyk over at me saman har skapt ei sopass flott ramme rundt denne turen.
Litt synd at veret ikkje var med oss på slutten, men kjekt at me da hadde ei alternativ rute so me kom oss til mål. Var og heldige med det tidlege starttidspunktet, da veret blei verre utover kvelden.
Me har erfart mykje på denne turen som me tek med oss når me no skal setje oss ned og sjå om dette er eit løpskonsept å bygge vidare på. Deltakarane var iallefall klare på at dei vil tilbake, noko som lover godt!
Var ufatteleg mykje som var bra og so skal me sjå på kva som kan bli enda betre…blir nok eit par ruteendringar, meir utsikt, meir fjord, meir løping, meir vatnstasjonar, meir merking, tracking, mogleg auke til 100km? me får sjå..
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, interesse for deltaking eller om du vil vere frivillig hjelpepersonell.
Molden ser de langt uti der, ca. halvveges i Lustrafjorden Inn.
Samarbeidspartnarar: Skjolden Hotel, Spar Gaupne, Digital Etikett og Lustrabui. Tusen takk for støtten!
Utstyr, ernæring, strava, gpx:
Sko: La Sportiva Bushido 2 – etappe 1 og 2 : nyinnkjøpt, fikk tidleg gnagsår på begge hælene +hotspots under foten. For mjuke sko for norsk terreng og fjell? Totalbom.
Sko: Salomon S/lab ultra 2 – etappe 3 og 4: Glimrende sko. Perfekt passform, stabile, akkurat passe demping. Desvere blir dei altfor fort utslitt.
Klokke: – Garmin Forerunner 245 : Første forsøk med navigering fungerte greit. Dårleg mørkesyn kompliserte litt men er visst mogleg å få anna/større visning av navigeringen.
Sekk: Kalenji 10l.
Stavar: Black Diamond Distance CarbonFLZ – til god hjelp både opp og ned.
Lykt: Black Diamond– STORM 400: god nok til å gi nok lys 2-3 timer.
Næringsinntak: – 750ml soft flaske med vatn + gels, smågodt, smoothies og sjokolade i sekken. Lite rennande vatn å finne, hadde fått problem om det var varmere. Må nok ha flere vatnstasjonar evt. neste år.
Matstasjonane var veldig bra med bananer, appelsiner,mellombar, chips, bolle, is?, kaffi, smågodt, cola, farris, juice, vatn og energidrikke.
Sett på stien: Kai sitt overaskeles-besøk til ein gjeng øltørste ungdomar i tretida på natta langt inni skogane på Kaupanger. Var visstnok raske til å rydde unna ølboksane, dei trudde ikkje på han da han sa han skulle til Skjolden…:)
Ikkje sett på stien: Støttepersonellet hadde lagt ut enda ein overasking til oss på vegen mot Skjolden. Den svima me visstnok rett forbi 🙂
Instagram: @lustrafjordeninn
Strava:
GPX fil: lustrafjordeninn (siste sporet me brukte)
1 comment
Comments are closed.