Første Halvmaraton

For treningsåret 2017 so satte meg eit mål å fullføre ein halvmaraton. Eg søkte noen andre utfordringar i forhold til dei 3-4 motbakkeløpene eg fullførde kvar sommar.  Ingenting i mot det å løpe i motbakker, men eg ønskte å prøve meg på noko lengre og seigare. Eg hadde lagt merke til ved desse løpa at eg trivdes godt og gjekk forbi konkurentar i dei partia det var teknisk bortoverløping og nedover. i bratta derimot so hadde eg ikkje nok styrke i beia. 10-15 kg ekstra i forhold til dei andre hjalp heller ikkje på.

Debuten på 10km landevegsløp vart unnagjort i fjor sommar. Her erfarte eg at det er flere momenter enn det å slite seg opp ein motbakke på rein 110% vilje. Uansett so tykte eg og at mila vart for heseblesende.

Lustraløpet 2016

Eg ville no forsøkje meg på en halvmaraton. Oktober,november og desember gjekk forbi uten trening før eg startet opptreninga. motbakker vart bytt ut med asfalt. treningstid og lengde på treningene vart lengre. 2-3 treningar i veka med ca. 20km totalt.

Motbakketrening på Nes
Flott marsdag å trene ute
Mørketida ga mange fine løpestunder, eg, samna det når kveldene vart lysare.

Det er blitt april, snart klar for ny sesong.

Skade og slitasje i kne og akilles kom,  treningspause måtte til og nokre motbakker måtte takast i bruk igjen for å få ein variasjon i treninga.

Kom opp i 17 km på ein test, da skal eg vel kunne klare 21 i konkuranse. Godt å sjå framgang i treninga til tross for skader/slitasje.

Eg måtte finne eit løp – lopsloggen.no  vart sjekka – Florø Rett vest 22. april ? Er det mogleg å fullføre ein halvmaraton so tidleg i sesongen? Følte eg trengde eit kortsiktig mål for å kunne  fortsetje med asfaltløpinga da den tærer på kroppen.

Eg sjekka med bror, som har løpt mange halv og helmaraton- han er med!…han må berre løpe litt først. Eg og må løpe meir, slit med å klare meir enn 2 treningar i veka.

Tirsdagen før tok eg ein langtest, må venne meg til distanser over 10 km. gir meg da ved 14 og føler det går greit og vil ikkje anstrenge kneet meir enn nødvendig. Bror inviterer ein arbeidskollega til florø. so da vart me ein trio på tur.

Florø er ca 2.5t køyring frå gaupne. grunna brannstengd fjærlandstunnel måtte me køyre ein lengre omveg via vadheim. me rekk alikevel fram til florø 1t før start. været opp hit har vore meget skiftandes, veklslar mellom styrtregn, kuling og sol. I florø er det sol før start. Henter startnummer og gjer oss klare på parkeringsplassen! småpanikk oppstår når eg ser på tåneglene mine, eg har forsømt å klippe dei. arbeidskollegaen trør da til med liten reiseklippar, krise unngått. oppvarmingen vert ein runde rundt idrettsbana før startskotet går. Eg har sett meg ut eit noko tøft mål om å kome under 1t50min og trente på dette tempoet tidlegare i veka.

Idrettsbana i Florø.

2-3 runder rundt bana til før me reiser ut på ein fin grusti. deretter asfalt resten av løypa. tempoet er bra, muleg for hard start? under 5min på første km. Regnet kjem tibake, men gir seg heldigvis fort. Me løper ei løype på ca 6km før me snur tilbake mot idrettsbana. relativ flatt med noko kuler her og der. Får inn eit veldig jevnt tempo på overkant av 5min/km med nokre avvik opp i 5:25 talet i nokre motbakker. Bror min løper med ein gong frå meg, er imponert over tempoet han set opp med det lille grunnlaget han har. Eg har mykje å lære på løpeteknikk ser eg. Som vanleg so slit eg med hoka one venstreskoen min, foten flytter på seg inni skoen og gnikker lilletåa (brannsår i 4 veker etter løpet). Eg må ta nokre spark nedi asfalten for å få foten på plass igjen under hele løpet.  Ser heller ikkje drikkestasjonen,løper visst forbi den… grubler ein god stund på dette da det er ganske varmt blitt.

Me snur og møter på tilbakevegen dei som startet litt etter oss på 5km og 10km, no er det blitt folksomt i løypa. det er bra det. Eg har no løpt ifrå den gjengen eg var med først og løper mykje åleine ein stund, men tek litt innpå neste gjeng.

Ved runding 10 km igjen inne på idrettsbana ser eg bror, ikkje so langt fram til han som det var. Eg ligg nok litt etter i høve 1t50min. Usikker på om eg klarer å auke tempoet dei siste 10. Relativt ukjent hvordan kroppen oppfører seg heretter men no kjenner eg resten av  løypa iallefall.

Finn ein drikkestasjon her, dynker meg med vatn. Tek att fleire og fleire. Ved 14-15 kilometer so tek eg att bror, gåre bra? spør eg…..sprekk! seier han. Eg tauer på han ein liten stund, usikker på om eg har haldt for hardt tempo eg og no, men pusten er meget bra, beina dei løper og løper uten at eg kjenner noko trøtthet. Da reiser eg ifrå.

Finner drikkestasjonen no, Cola! Etter vending so trykker eg vidare på, kilometertider nede i 4:24 talet no. suser forbi fleire deltakere. Herleg å berre slippe på. kan eg klare under 1:50? stravaen min viser feil distanse..ved 1km igjen so meiner den at eg er ferdig…siste 500 meterene blir tunge, men blir godt belønna i mål med medalje og ein sluttid på 1:48:24

Eg har fullført min første halvmaraton og det på ein relativ ok tid. Kjem på 18. plass totalt av 36 startande. noko uvant, da eg som oftest ender sist eller nest sist i motbakkeløpene eg er med på. Og ikkje nok med det, ifølge splitt-tidene so har eg den siste havmaraton- delen løpt på den 9. beste tida! Eg tek i mot bror min og kollega. Alle fornøgd med å fullføre.

Kollegaen fikk ein skikkeleg blaut opplevelse på slutten da det begynte å hagle og blåse. Dei som sto for premieutdelingen måtte evakuere og fortsetje innunder tak.

Medaljen smakte verkeleg godt!

Regn og vind prega resten av dagen. Den bruker me til god god mat og drikke + sosial løpsprat med andre løparar. Ein fin og inspirerende helg er over i florø. Etter helga kom det nokre tøffe dagar, dehydrert og slapp. mest truleg ein kombinasjon av løpet og nattelivet. Tok treningsfri i 1 /1/2 veke.

No når målet for 2017 er nådd so må me finne eit nytt hovudmål