Nokre bilete til oldeforeldrene som stelte med oss i helga. Me kosa oss alle saman =)
Les meir…
|
|||||
|
… med 24-års dagen Signhild !! HIPP HURRA .. til John Geir og Hanne Mari med veslejenta som kom i dag!! HIPP HURRA … til min kjære som har halv-rund dag i dag. Eg har trossa merkelege lukter og bomba kjøkken, og klart å smørje saman eit par kaker på kjøkkenet… Tykte dei lukta merkeleg dei og, men får satse på at det er meg og ikkje kakene det er noko gale med!! Humøret på topp – og kanskje klarar Spurs å få bursdagsbarnet i ENDÅ betre humør – hipp hurra i alle fall =) … har gått litt nedover med blogging siste månaden ser eg… hmm… ikkje bra. Men er ikkje so mykje å skrive om. Eg er byrja at på jobb – og då minkar det fort på interessante ting å skrive om – berre kvardagsprat. Magne hadde atte 2 veker ferie då eg byrja å jobbe att, so han burde ha mykje å skrive om. Trudde eg. Han fekk med seg ein del toppar i hurrungane – både i regn, sol og snø. Storen vart nesten overvunnen, men han får fortelje sjølv.Bileta klarde han nesten å slette. Det var ditta med back-up då! Helga har me tilbringa i Amsterdam. Oppkjøpte Datapart var invitert på jubileumstur med oppkjøparen, Fjordane IT. Og me "nærmaste pårørande" fekk vere med. Ei flotte lang-helg med mykje mat og mykje drikke. Amsterdam er ein fine by. Korleis oppsummere byen? Truleg like mange syklar her som i kva som helst kinesisk by. Og syklane hadde forkøyrsrett… nesten heile tida! Full fart. Eigne 2-felts gangfelt for syklar – ingen nådde om me gjekk der!! Kanalar. Var vel ca 100 km kanalar i byen. Laurdagslunchen var ombord på ein kanalbåt med fancy restaurant. Avslappande og gode greier. Red Light district. Narkotika. Men totalt fredeleg å gå i handlegater og sentrum. (eller so fredeleg det kan bli når i ei travel handlegate – var tofelts gåing her – var best å holde sida si ja…) Ingen selgarar, ingen tiggarar, ingenting!! Flotte restaurantar, facny 5-rettars middag, mykje vin, og vin – og anna alkohol… Flott hotell midt i sentrum. Ei skikkeleg kjekk helg med andre ord. Bilete var det dårleg med i dag. De hugsar vel fortsatt korleis me ser ut – kanskje klarar eg å finne ein måte å få bileta frå kamera over på pc’en utan minnekort eller kabel… ? Må nett nytte sjangsen til å gratulere min kjære svoger Ruben og mi kjære svigerinne Liv: dei vart foreldre til ei lita jente for nokre timar sidan! HURRA HURRA HURRA!!! |
|||||
|
Copyright © 2013 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 123 queries. 0.417 seconds. |
|||||
Siste kommentarar