Litt forsinket turrapport..men her kommer den.
Les meir…
|
|||||
|
Litt treigt i svingane her – feriemodus!! Fanaråken duatlon på laurdag – Magne deltok aktivt på “Fanaråken opp”, eg litt mindre aktivt. Rusla oppover med Signhild. Rett so koseleg i regn, deretter hagl og vind, og etterkvart snø. Gjett om eg var gla for at Signhild hadde meldt seg på på eige initiativ, elles hadde eg nok fått høyre det!! Me var vel komme på ca 1800 moh då Magne kom springande forbi oss. Som seg hør og bør tenkjer vel alle at me heia godt då han sprang forbi, men alt han hadde høyrt var “EG HAR IKKJE MEIR BATTERI I KAMERA, EG HAR IKKJE MEIR BATTERI I KAMERA”, pluss nokre gloser som ikkje høver seg på trykk. Ja,ja Magne – viss ikkje det gav deg ekstrakrefter veit ikkje eg!!
Skodda letta litt då me var på veg nedatt, sola slapp til og med gjennom inni mellom! Lika imponerande tider på vinnarane som vanleg. Eg høyrde om ein spreking som småsprang nedatt frå Fanaråken, sprang heim Heljedalen og sykla i full fart nedatt på Skjolden. Dette tok 1t 47 min… berre 10 minuttar mindre enn vinnaren (A.Post) brukte opp!!!!! Er det mogleg???? TREN folkens, TREN som berre juling… 12.august 2006 – DUATHLON Magne har virkeleg blitt bitt av klatrebasillen i sommar – og etter diverse klatre og fjellturar, fekk han lyst til å prøve seg på eit motbakkeløp. Saman med Kai (broren) meldte han seg på springedelen av Fanaråken Duathlon – dvs. springe frå Turtagrø Hotell (ca 900 moh) til fjelltoppen Fanaråken (2068 moh). Eg var litt skeptisk, sidan Magne ikkje er den som trenar kvar dag, men eg tykte no han var tøff som meldte seg på. Oppladinga til Magne: Kjøpte seg joggesko onsdagen, sprang ein lett joggetur inn Heljedalen torsdagen – og deltok i Fanaråkenløpet på laurdagen… Gjett korleis det var å vere i same hus som han dagane etter løpet :-) Løpsdagen kom, og eg og Gipsey fekk eit lite forsprang, så me gjekk innover Heljedalen og kom halvveges opp mot Fanaråken då fyrste aktive deltakar kom springande oppover bakkane… Vedkommande vant på den umenneskelege tiden 58 minutt!!!! Er det muleg? Me fortsatte oppover, men det vart vanskeleg å gå når me møtte so mange folk. Eg måtte holde hunden på ganske kort band – noko verken eg eller ho likte spesielt godt. Når Kai hadde pasert gjekk me berre nokre hundre meter lenger opp og satte oss til rette med videokamera for å vente på Magne. Magne kom og paserte oss og forsvant oppover bakkane i fint driv. Imponerande. Me gjekk eit stykke lenger opp – men snudde litt før toppen. Rekna med me trengde eindel tid nedatt og, ettersom det fortsatt kom folk oppover (dei som starta på sykkel på Skjolden (0 moh) og sykla til Turtagrø før dei starta på springinga). Me kom nedatt til bilen før gutane – men dei var ikkje langt bak oss. Ein flott dag på ein flott topp. Og eg måtte trekke tilbake mine skeptiske påstandar – Magne imponerte meg stort. Eg og Gipsey tykte det var litt mykje folk – so neste år trur eg me vel ein anna topp når dette løpet går av stabelen. |
|||||
|
Copyright © 2010 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 127 queries. 3.981 seconds. |
|||||
Siste kommentarar