… nærmar seg slutten. Dette må vere den månaden i året som går fortast!! Spesielt i slikt eit nydeleg vêr. Tømde mobilen for bilete i dag, og her var det litt av kvart.
Tok med Ingrid på Vassdalen på fisketur. Fisk vart det lite av, men du verden so store blåbær me fann! Fort det gjekk nokre timar i tuene =)
Famelieruta på breen. Lang, lang rekke – det var den turen me ikkje vart enige om kor mange som var med… men DU for eit vêr =)
Glade landkrabber på båttur! Ikkje heilt topp motlys-funksjon på telefonen =)
Bikinivêr på Styggevatnet – klokka 19.30 om kvelden… DET er sommar det…
Besøk frå Kaupanger – kom HEILT til Jostedalen =)
Nokre bilete frå marknaden i Jostedalen. Full konsentrasjon hos vinnarlaget:
Full fart =)
Siste kommentarar