Dei må tidleg krøkast dei små, dersom dei skal bli gode bre- og fjellklatrarar.
Les meir…
|
|||||
|
Fridag frå breen i dag, og store planar om enten avslapping eller ein av dei kortare topptrimturane. Men neidå. Kvalsøren-gutta ville på tinderangling, so då var det berre å pakke sekken og hive seg med!! Sjølv om eg fekk med Erling var Kvalsøren i overtal – 3 mot 2 =) Avreise frå bilvegen på “Årdalsfjellet” kl vel halv 8 i dag tidleg – med retning Lauvnostind. Ein topp som ikkje heilt rekk 2000-meter grensa… Traversen vidare derimot, var steike flott!! Litt rangling på smal egg, ein ca 15 meter-rapell, kliving i laus grus, før me nådde skaret mellom Store Soleibotntind og Nordre Soleibotntind. Her small fyrste tora – men himmelen var fortsatt blå over mesteparten av Hurrungane, so me satsa på å komme oss opp på Nordre. Litt feil vegval ? førde oss ut på ei smal hylle på høgresida av Nordre – 1000 høgdemeter rett ned i Ringsdalen freista ikkje spesielt… men den som leitar etter vegar opp her i livet skal belønnast – og opp kom me – gjennom ei smal, trang kløft. Litt halv-lett rangling rundt toppen – og opp kom alle mann! Fantastisk utsikt og hipp hurra. Nedatt frå Nordre fant me ei “rute” der me klarde å klive ned meir eller mindre usikra – so då fekk me faktisk gått rundt omlag heile fjellet – derav overskrifta =) Det byrja å mørkne litt rundt fjella, so det var om å gjere å komme seg opp på Store Soleibotntind før alt braka laust. Her var det grei klatring, gode tak, men mykje laus stein, og ei særdeles bratt snørenne – so tauet vart nytta litt her og litt der. Toppen av Store S. dukka plutseleg opp, og me kunne puste ut etter mange timar i full konsentrasjon =) Torebyene kom nærmare og nærmare, men Hans, Erling og Kai ville ha ein snue bortom S2 (søre Soleibotntind) – eg og Magne sette kursen nedatt i låglandet, då me begge hadde vore der borte før. (Les meir om det her) Eg og Magne gjekk like framfor regnet heile vegen nedatt til bilen, og fekk oppleve ein aldeles nydeleg regnboge over soileibotntindane som bada i sol, medan himmelen var SVART i bakgrunn. Stilig. Me håpa at dei andre 3 var på veg nedatt, då lyna byrja komme faretruande nær. Dei var faktisk ikkje langt bak oss ned til bilen – og oppsumeringa var fort gjort: Ein KNALL tur i flott terreng – og me var MEGA heldige med vêret etter å ha opplevd lyn og regn på alle kantar ein periode =)
Til slutt ei samanlikning av himmelen klokka halv 8 om morgonen vs kl 19,30 om kvelden: Store Austabotntind 2204 moh Magne, Kai og Ingvild var på topptur til Austabotntindane. Vêret var ikkje det aller beste, men til topps kom dei. Eg var ikkje med denne gangen – har vore på Store Austanbotntind før, og so måtte eg jobbe denne søndagen. Og kanskje var det bra at eg ikkje var med… eg er ikkje so flink til å holde motet oppe i tjukk skodde og småregn… Avreise frå Nes kl. 06.00 om morgonen. Har etterkvart investert i eindel klatreutstyr. Noko som kostar pengar, men er absolutt nødvendig for å gå slike turar… Og no fekk dei virkeleg teste at både utstyret og kunnskapen holdt. Store Austabotntind er vel for erfarne klatrarar som ein litt lang spasertur å rekne, men eg trur ikkje dei heller går utan sikring opp dei brattaste svaberga når det er fuktigt og dårleg sikt. Og når dei 3 overnemnte heller ikkje kunne vegen, men måtte leite seg fram i skoddehavet, var eg veldig glad for at dei tok seg god til og sikra mykje. Litt utfordrande dei bratte svaberga mot toppen under dårlege vêrforhold… Men til topps skulle dei – uansett. Når dei endeleg fant riktige toppen :-) Kriblar litt i magen når det er so høgt ned på alle kantar. Tre skikkelige tøffingar på tur. Nedatt tok dei det svært roleg og forsiktig – alle har vel høyrt om “ein må tilpasse farten etter forholda?…. Til Nes kom dei att ca kl 23.00 om kvelden… Rimeleg slitne… 17 timar på sleipe steinar tek på. Men dei var alle enige om at det hadde vore ein fantastisk flott tur, og ei lærerik opplevelse. Imponerande… Kanskje dei tek turen ein gong til seinare i litt finare vêr. Då får dei sjå at det i tillegg til å vere artig klatring også er ei fantastik flott utsikt det er der oppe :-) ? Nordre Skagastølstind (2167 moh) og Skagastølsnebbet (2222 moh) Må vel gi Kai æra for at me kom oss i vegen. Han har ein pågangsmotor som ikkje liknar grisen :-) Planen var vel eigentleg å gå heile skagastølsryggen og kanskje til og med få med Storen på turen – men heldigvis (i mine auger) kom ikkje utstyret som var bestillt i posten før dagen me skulle på tur, so me kom oss ikkje i vegen tidleg nok til å prøve på heile ryggen. Blir tross alt mørkt ein gong og….. Avreise Turtagrø var vel ca kl 10.00. Eg, Magne, Kai og Hans. Me gjekk til tindeklubbhytta – og derifrå opp steinrøysa til Nordre Skagastølstind. Og når eg seier steinrøys, so meiner eg steinrøys… eg har ikkje sett på makan. Eg lot karane få gå i sitt tempo – og sa at dei måtte berre byrje å klatre bortover når dei kom til fyrste toppen. Eg ville gå i mitt eige tempo, og var ikkje sikker på om eg gjekk heilt opp på Nordre eingong. Men snille som dei er, venta dei på meg like under toppen. På med tørr ullskjorte, klatresele og hjelm. Ned i skaret mellom Nordre og Nebbet var det mykje enklare å gå enn det såg ut til. Litt luftig på kanten, men fint muleg å gå litt lenger nedi røysi, og dermed unngå det største suget i magen. Opp til Nebbet var det mykje kliving. Eindel lause steinar dukka og opp, men faktisk var der heilt greit å gå. Hans og Kai klatra greit opp ein liten vegg på nokre meter då me nærma oss toppen – men her ville eg ha tog. Sjølve klatringa var ikkje so vanskeleg, men det var loddrett 1000 meter ned på begge sider. Alt blir so mykje enklare med eit lite tog festa i selen. Me klatra ned i V-skaret og – der me vart møtt av den 70 meter høge, nærmast loddrette vegen opp mot Midtre skagastølstind. Her stoppa vår tur, mest på grunn av at klokka no var blitt 16.00 og me tross alt skulle heilt nedatt i Turtagrø – men og pga våre spinkle erfaringar med slike vegger. Er vel ikkje heilt rette plassen å starte eksperimenteringa på…. Tok ein liten rapell nedatt den veggen eg klatra opp med tog, kleiv nedatt i skaret mot Nordre, og kom oss greit rundt til andre sida av den toppen. So var det berre å starte på steinrøysa. Eg tykte den røysa var forjævleg å gå opp – men ho var 10 ganger verre å gå nedatt…. utruleg mykje lause steinar… Kom til Turtagrø att ca kl 21.00. Var nok ikkje ei tid me treng å skryte so mykje av – men me var no fornyøde med dagens utbytte me. Fekk litt oversikt over alle toppane oppi der, og fekk prøve litt kliving og klatring. Ein flott tur i nydeleg vêr. Ga abolutt meir-smak. |
|||||
|
Copyright © 2013 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 105 queries. 0.400 seconds. |
|||||
Siste kommentarar