Verkeleg vår på Nes no – markene byrjar å grønkast, gåsungane sprett ut i hytt og gevær og skjorta kan kastast i verandakroken der sola skine i nærmare 10 timar for dagen…
Les meir…
|
|||||
|
… det var det som gjekk att då eg tømde minnebrikka på speilrefleksen i dag. Ikkje noko særleg spennande å blogge om nokon av delene =) For fyrste dag på fleire månadar var formen bra i går – klarde å gjere litt småtteri i huset (til Magnes store glede). Kom so langt at eg pakka advents-stakane opp frå øskjene og la dei på bordet!! I dag er det store spørsmålet om me får dei heilt bort i glaskarmen. Spenninga er til å ta og føle på =) Våre gode naboar på nedsida av vegen har innsett at våre stakkars fuglar må sjå langt etter solsikkefrå i vinter, so då trappa dei opp på døra vår med heimelaga fuglahus! Heldige er me – og endå heldigare er fuglane! Fuglahuset stod utanfor døra vår, men sidan eg var i slek eit storslag i går klarde eg å setje det inn i gongen – so no i dag får me prøve å få det heilt ut på verandaen =) Skulle helst støypt det fast, men spikar gjere vel same nytten… Fullmånen var sjølvsagt stor her på Nes i helga og, mange teknikkar vart utprøvd for å ta bilete av dette vidunderet, men det ville seg ikkje heilt. Min sedvanlege teknikk er å skru og trykkje på alt som går an på kameraet, få ein 3-4 uskarpe bilete på tvert – bli irritert, setje alt på auto att og legge kameraet nedatt i veska. Magne har litt meir tålmodigheit, so han runda vel 100 bilete vil eg tru? (Om dei var so mykje meir vellykka enn mine kan kanskje diskuterast…) Eit slikt bilete har vel alle teke, men legg det ut lell: Åsso var det dinna utsikten då. Låg sol leika seg med skylaga – resultatet vart slik: Berre lekkert =) Etterkvart braut soli meir og meir gjennom… … heilt til ho braut so mykje gjennom at eg VERKELEG fekk sjå kor dritne glasrutene er i stova =( So det blir prosjekt nr. 1 fyrstkommande veke – få vaska dei ørten glasrutene i “stor”stova – UTAN å blåse vekk. Sterk vind her i dag. Eg blir sleten berre eg tenkjer på det. Tid for frukostkvil =) Ha ein strålande søndag! … har gått litt nedover med blogging siste månaden ser eg… hmm… ikkje bra. Men er ikkje so mykje å skrive om. Eg er byrja at på jobb – og då minkar det fort på interessante ting å skrive om – berre kvardagsprat. Magne hadde atte 2 veker ferie då eg byrja å jobbe att, so han burde ha mykje å skrive om. Trudde eg. Han fekk med seg ein del toppar i hurrungane – både i regn, sol og snø. Storen vart nesten overvunnen, men han får fortelje sjølv.Bileta klarde han nesten å slette. Det var ditta med back-up då! Helga har me tilbringa i Amsterdam. Oppkjøpte Datapart var invitert på jubileumstur med oppkjøparen, Fjordane IT. Og me "nærmaste pårørande" fekk vere med. Ei flotte lang-helg med mykje mat og mykje drikke. Amsterdam er ein fine by. Korleis oppsummere byen? Truleg like mange syklar her som i kva som helst kinesisk by. Og syklane hadde forkøyrsrett… nesten heile tida! Full fart. Eigne 2-felts gangfelt for syklar – ingen nådde om me gjekk der!! Kanalar. Var vel ca 100 km kanalar i byen. Laurdagslunchen var ombord på ein kanalbåt med fancy restaurant. Avslappande og gode greier. Red Light district. Narkotika. Men totalt fredeleg å gå i handlegater og sentrum. (eller so fredeleg det kan bli når i ei travel handlegate – var tofelts gåing her – var best å holde sida si ja…) Ingen selgarar, ingen tiggarar, ingenting!! Flotte restaurantar, facny 5-rettars middag, mykje vin, og vin – og anna alkohol… Flott hotell midt i sentrum. Ei skikkeleg kjekk helg med andre ord. Bilete var det dårleg med i dag. De hugsar vel fortsatt korleis me ser ut – kanskje klarar eg å finne ein måte å få bileta frå kamera over på pc’en utan minnekort eller kabel… ? Må nett nytte sjangsen til å gratulere min kjære svoger Ruben og mi kjære svigerinne Liv: dei vart foreldre til ei lita jente for nokre timar sidan! HURRA HURRA HURRA!!! |
|||||
|
Copyright © 2010 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 131 queries. 2.981 seconds. |
|||||
Siste kommentarar