Dagane flyge fortare og fortare, eit sikkert sommarteikn. Plutseleg er det august att, og tilbake til kvardagen etter permisjon og styr og stell.
Les meir…
|
|||||
|
I går kom fugleinvasjonen på verandaen. Eit sikkert teikn på at me går mot kaldare vêr? Ei kjøttmeis sette seg utanfor kjøkkenglaset og banka på ruta – heilt til Magne gav etter og la ut litt brød. Ikkje lenge etter banka kjøttmeisa på igjen. MEIR MAT… eg gjekk på eit søk i kjellaren, men det viste seg at fuglematen var kasta/gått sin veg sjølv – var nok litt gammal, me kom visst ikkje so langt at me mata fuglane i fjor =( Men Magne visste råd – for bak vedasekker og takess-papp drog han fram juleneket frå i fjor! No er det jul igjen! Godt som nytt tenkte me, og spikra det opp på verandaen: Då kom det ulike fuglar i full fart – rykta går fort når det gjeld mat (er visst andre rykter som har spreidd seg fort og, høyrer eg, men det er ei anna historie…) – men kjøttmeisene var ikkje fornøyde – og det gjekk ikkje lenge før det banka på glaset att: Eg måtte jammen le – kresne er dei dissa fuglane… men blauthjerta som eg følte meg akkurat der og då, so fann eg ei ny skive og la ut, og då veit du meisa mi åt!!! Får krysse fingrane og håpe at eg ikkje er so ettergivande i alle samanhengar… |
|||||
|
Copyright © 2010 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 125 queries. 2.014 seconds. |
|||||
Siste kommentarar