11. august – ME HAR FÅTT BYGGELØYVE

Hipp Hurra. I dag kom svar frå kommunen. Me har fått godkjent søknaden vår – so no kan me grave oss ned. Er berre eit lite problem: sidan me har trekt huset litt lenger ned på tomten enn fyrst planlagt – trur du ikkje det kom nokre f……. tre midt framfor stoveglasi våre…. Men det ...

veke 32 – Utstikking av huset på tomten

veke 32 - Utstikking av huset på tomten
Onsdag 9. august: ENDELEG skjer det noko meir enn berre ved, ved og atter vedahogging. Asbjørn frå Nordbohus kom for å stikke ut hjørnepunkta til huset. Me tilkalla forterkningar i form av pappa og Harald (gravaren vår). Me stilte so mannssterke at me hadde vel eigentleg ikkje noko der å gjere sjølve (!) – men ...

FERIETUR 2006

FERIETUR  2006
01. – 05. august: “Ferietur til Rogaland? Det var ein utruleg lettelse å setje seg i bilen og køyre sørover kvelden etter sumargildet. Overnatta ei natt nær Voss i campinghytte, og hadde ein flott tur nedover Hardanger til Stavanger. Ein kjempekoseleg by. Etter eit par dagar i by køyrde me lenger sør langs kysten. Bada ...

SUMARGILDET 2006

SUMARGILDET  2006
Piratfest på Grov – 30.juli Det som kan krype og gå av breførarar og alle som jobbar i turistbaserte bedrifter i Jostedalen samla seg til det som etterkvart er blitt ein tradisjon: SUMARGILDET.? I år var det lagt til Grov i Krundalen, og temaet var “piratarfest?. Utruleg mange artige kostymer…. Under the Table and Drinking ...

veke 30 – plan for grunnmur

Har bestemt oss for å leige folk til å setje opp grunnmuren. Me føler at det er betre me jobbar med det me kan i våre jobbar og tjenar pengar – og so heller leiger kyndige folk til å setje opp grunnmuren. Dels fordi me sjølve har so lite kunnskap at me måtte brukt slekt ...

“Skagastølsryggen light” 25.juli 2006

Nordre Skagastølstind (2167 moh) og Skagastølsnebbet (2222 moh) Må vel gi Kai æra for at me kom oss i vegen. Han har ein pågangsmotor som ikkje liknar grisen :-) Planen var vel eigentleg å gå heile skagastølsryggen og kanskje til og med få med Storen på turen – men heldigvis (i mine auger) kom ikkje ...

veke 28 – Byggesøknaden ER SENDT

veke 28 -  Byggesøknaden ER SENDT
  Endeleg vart byggesøknaden klar til å skrive under, og sendast inn til kommunen…. Kor lang tid tek det før me får svar? Me fekk og tilsendt det ferdig teikna huset vårt for fyrste gong. Det ser bra ut =)Kommunestyret vedtok til slutt at alle som byggjer hus i Luster kommune utanfor kommunale felt, får ...

Anki har ordet

Endeleg har eg fått klarering av min kjære til å komme med litt oppdateringar her. Eg måtte tydelegvis sikkerheitsklarerast litt først – og skrive nokon test-innlegg på husbloggen vår under hans namn… hehe… Blir vel mange innlegg første veka, og so dabbar det av att… =)