Veke 36 – Brenning av lauv

Veke 36 - Brenning av lauv
Magne og Hans tok seg eit par timar og brende opp alt det tørre lauvet me hadde liggande på tomten. Greit å få det vekk før gravemaskina kjem, slik at det er litt plass til å leggje dei ulike massane på. So NO skal alt vere klart til graving :-) ? Mest truleg startar? Harald ...

Veitastrondi

Veitastrondi
Eg vart spurd om? å vere med 5.-7.kl. ved Jostedal Skule på overnattingstur til Veitastrondi. Sjølvsagt takka eg ja. Eg måtte flaut innrømme at eg ikkje hadde vore på Veitastrondi før, so då var det kanskje på tide?? Og eg angra ikkje. Me var utruleg heldige med vêret – og eg vart imponert kor flott ...

“Øvelse gjør mester….”

Me gjekk hardt til verks og prøvde oss på ei real utfordring; bestige ein mur på ca 5 meter opp i hovudvegen borte hos Kai! Fotograf Cecilie overlot kameraet til meg inni mellom for å vise oss korleis dette skulle gjerast. Me samla saman alle som kunne vere til hjelp, og la ein nøye, detaljert ...

Veke 35 – Møte om Grunnmuren

Hadde uformelt møte om grunnmursarbeidet torsdag kveld (31/8). Eg, Magne og Pappa var borte til Drevdal Mur og Betong. Gjekk gjennom alle postar og gangen i arbeidet. Ser lovane ut dette. Me skal rive all forskaling sjølve, og legge isolasjon. So innsatsen vår blir vel ikkje allverden akkurat på denne delen… men so blir det ...

Veke 34 – Gravinga er i gang

Veke 34 - Gravinga er i gang
Bedre seint enn aldri =)   Her er Harald i god gang med innkjørsla vår.   Trur me har fylt opp mellom 180 og 200  seksti-liters vedasekker på vår 1250 kvadratmeter store tomt. Er vel greit om eg er ein smule lei?  No er det berre å krysse fingrane og håpe at me unngår noko særleg sprenging. I so ...

Meir klatring – 20.august

Meir klatring -  20.august
Store Austabotntind 2204 moh Magne, Kai og Ingvild var på topptur til Austabotntindane. Vêret var ikkje det aller beste, men til topps kom dei. Eg var ikkje med denne gangen – har vore på Store Austanbotntind før, og so måtte eg jobbe denne søndagen. Og kanskje var det bra at eg ikkje var med… eg ...

FANARÅKEN

FANARÅKEN
12.august 2006 – DUATHLON Magne har virkeleg blitt bitt av klatrebasillen i sommar – og etter diverse klatre og fjellturar, fekk han lyst til å prøve seg på eit motbakkeløp. Saman med Kai (broren) meldte han seg på springedelen av Fanaråken Duathlon – dvs. springe frå Turtagrø Hotell (ca 900 moh) til fjelltoppen Fanaråken (2068 ...

Det var dinna skogen atte då…

Det var dinna skogen atte då...
Kjekt å ha ein slik bror – Erling stiller alltid opp om me spør han om noko. Dei tre siste bjørketrea måtte “til pers? denne laurdagen. Erling sikrar treet for å unngå at det skal dette ned i riksvegen. Me var litt usikre på kor langt opp han skulle – men han kom no nedatt ...