Om oss

Du er no kommen innpå sida til Magne og Ann Kristin. Me er busette på Nes, Høyheimsvik. Hausten 2006 starta me å byggje oss hus – som me flytta inn i i mai 2007.

Du kan lese om kvar me bur viss du klikkar HER

Magne jobbar som teknikker/konsulent for Datapart AS i Gaupne. Eg er student ved universitetet i Bergen, nesten utdanna lærar med hovudvekt på matematikk. For tida jobbar eg ved ungdomsskulen i Gaupne og på Luster vidaregåande skule på Hafslo.

Meir OM ANKI

Meir OM MAGNE

Viss de ynskjer å kontakte oss, finn de e-post adressene våre nederst på denne sida.

Me jobbar også med å leggje ut noko av stoffet på engelsk, de finn den engelske sida i hovudmenyen. Målet er å få fylle opp her litt meir etterkvart.

Håpar de finn mykje interessant lesestoff på sidene våre!

 

                           e-post Magne:   magne@kvalsoren.no

                           e-post Ann Kristin:   anki@jostedal.no

 

Leave a Reply