Om Ann Kristin

Eg blir kalla Anki av dei fleste vennene mine, brukar derfor Anki og Ann Kristin litt om eit anna på heimesida vår.

Eg er oppvaksen i Jostedalen, og er ekte jostedøl på alle måtar! Ein utruleg bra plass å vekse opp. Var derfor litt rart å flytte hit til Nes. Her er so utruleg mykje meir himmel, og MYKJE meir vêr. Nesten ikkje snø om vinteren, og oppi full storm i vindkasta =)

Etter videregåande skule i Sogndal tok eg meg eit friår frå skulen. Reiste mykje, både i Europa og Sør-Amerika.

Året etter flytta eg til Leeds i England, og starta på Leeds Metropolitan University. Der vart eg verande eit og eit halvt år før eg flytta tilbake til Norge. Resultatet vart eit årsstudium i informatikk… Eg veit ikkje heilt kor mykje fagleg innhald eg sat att med, men å flytte utenlands heilt åleina er noko av det smartaste eg har gjort. Eg lærde verkeleg meg sjølv å kjenne denne tiden! Jobba i ein sportsbutikk og jobba som kontoransatt i eit arkitektfirma.
Då eg kom heim var planen å starte på eit 3-årig studie i matematikk på NTNU, men sjølvsagt møtte eg Magne ca 2 veker før dette studiet tok til. Det var ikkje noko moro å flytte til Trodheim då… so det vart berre eit halvt år i Trondheim før eg overførte studiet mitt til Universitetet i Bergen.

No har eg teke ei Bachelor i Matematikk, har litt informatikk i bagasjen, og so har eg teke eit årsstudium i naturfag ved Høgskulen i Sogndal. I tillegg har eg eindel studiepoeng både i historie og geografi.
Framover tenkjer eg å ta ppu (praktisk pedagogisk utdanning), men ikkje endå. Akkurat no er eg ekstrems skule-lei, og då er det vel ikkje so mykje poeng i å studere. Me får sjå korleis dette endar =)

Jobb har eg fått – opptil fleire. Jobbar både på ungomsskulen i Gaupne og på Luster vidaregåande skule på Hafslo.

INTERESSER: friluftsliv, brevandring, spele fele og gitar, reise, klatring, data.  

<< TILBAKE                                                                OM MAGNE >>

Leave a Reply