bygge reir?

Ein særdeles koseleg helgetur til Bergen er over. Kort oppsummering: Besøke gode venner og sjå på ting til bebisane.

Turen sitt desiderte høgdepunkt? Kor mykje me klarde å få inn i baleno’en. Me vart storveges imponerte begge to, samt karen i nabobilen som var sikker på at me måtte holde nokre posar ut glaset heile vegen heim! Hadde me opna glasa hadde vel mykje ramla ut, men det er ei anna sak!

Me fekk ein skikkeleg kick-start på utstyrsinvesteringane våre. Er me tidleg ute? JA seier mange – men høyrer me på dei? Nei. Og sjangsen for tidlegfødsel er vel rimeleg stor, godt kva som er komme i hus seier eg. DessutanSKULLE eg ha meg ein Bergenstur før kroppen sviktar. Eg har sett fram til det som det ultimate høgdepunktet i svangerskapet (!) siste 4-5 mnd: Å få gå med stor mage på ikea – midt i laurdagsrushet, med handlevogn på tvert MIDT i vegen. Og om nokon ville prøve å snike seg forbi skulle eg berre stryke meg over magen og sjå utruleg dumt på dei.  ÅÅÅ kå eg skulle nyte det…

Turen sin store skuffelse? Laurdagsrushet på ikea var der, og alt låg til rette for skikkelege «dritt-kjerring-fakter». Stor var då skuffelsen då handlevogna vart so tung at eg ikkje klarde å yte ho!! NEDTUR =(

Inn i bilen fekk me stabla mykje løge, men av hovudingrediensar kan nemnast: to sprinkelsenger med madrasser og tilbehør, kombi tvillingvogn med tilbehør, og komplett vaskeromsinnredning (flatpakka vel og merke, men over 30 ulike pakker med skuffer, skåp og dørar utgjorde tilsamen vel 180 kg). FOR ein bil eg har kjøpt meg, måtte eg seie då! Og ingen høyrde meg so dei kunne motseie meg!

Den einaste bekymringa på bilturen heim var at me skulle punktere. Reservehjulet ligg sjølvsagt under bagasjerommet, so det hadde vorte litt av eit prosjekt å bytta dekk. Men lykken stod oss bi i dag – alt gjekk på skinner =)

Lykkeleg tilbake på Nes gledar eg meg no til vaskeromsinnredninga blir skrudd opp. Sannsynelegvis forsvinn det gode humøret i takt med ting me oppdagar at me har gløymt/teke feil – men det får bli ei anna historie – truleg ikkje noko som kjem til å skje fyrste dagane….

Då vil eg tilslutt gratulere meg sjølv med god innsats i dag. Ikkje EIN gong tok temperamentet overhånd, ikkje kom det nokon tårer, og mage og rygg heldt koken til siste slutt. Magne var nok lika overraska som meg – tur/retur Bergen UTAN snørr og tårer? Ein kan smile breidt av mindre =)

Eit stemningsbilete til slutt: Etter å ha stappa bilen til det var praktisk umuleg å få meir inni, hadde eg store problem med å få ein tom pose ned i eit bos-spann:

24012009247

4 Comments