sleeping beauty?

Det er mykje snakk om skjønnheitssøvnen me treng. Dette tilsvarar vel ein 6-10 timar i døgnet avhengig av alder, livsstil, livssituasjon og medfødt søvnbehov?

Nokon av oss klagar konstant over at me kunne sove døgnet rundt og at me ALLTID er trøytte. Dette er kanskje meir eller mindre overdrive – i alle fall frå mi side…

Når eg då no føler eit enormt søvnbehov – som JA, eg veit er heilt normalt omstendigheiter teke i betraktning, og «skulle berre mangle» i følgje enkelte – føler eg at reelt kunne eg sove 3/4 av døgnet!!   Kvifor ?

«Kroppen din treng søvn for å ruge osv» seier forstå-seg-på’arane – men eg går ikkje på den! Det er fredag og eg har klart mi andre fulle veke på jobb på rad på ein evigheit, med resultatet at eg har underskot på det tre-kvart døgnet eg tydelegvis skulle sove. Eg har googla om søvn og ikkje vorte noko klokare.

Men med  litt hjelp frå speigelen på badet og dårleg planlegging i morgontåka har eg i kveld ENDELEG sett samanhengen:  Med mindre eg søv 3/4 av døgnet SER EG RETT OG SLETT IKKJE UT  !!

scare crow

Med ønskje om ei avslappande helg til dykk alle =)

Z Z Z Z z z z z . . .

Related Post

One Comment