… and a happy new year !!

Endeleg. I går fekk vaskemaskina gjennomgå. Ho vart endevendt og opna opp i alle endar, skrudd laust det som skruast kunde.

Og ut kom det mykje løge. BH-spiler og nettverksledningar, q-tips og diverse lommerusk. Ikkje løge eg har vore misfornøyd med klesvasken siste vekene/månadane. Dæven døtte for noko griseri. Og so godt det kjendest etterpå då me køyrde test-vask for å sjekke kva lukt-nyanse kleda no ville få. Prosjektet reknast som vellukka =)

Noko årskavalkade ser eg ikkje behov for her frå kvalsoren-bloggen. Det har vel skjedd plent lite (i forhold til husbygginga i fjor). Blir truleg meir å skrive om utover våren ettersom antall familie-medlemar aukar med 100%…

Det vart mange samtalar med nybakte foreldre og etablerte foreldre på romjulsfestane. Mange gode råd vart overleverte. Det som gjekk att flest gonger? «Sov medan de har sjangsen». Det har me teke til følgje, og søv no døgnet rundt.

Løfter for det nye året? Nei, slikt er eg dårleg på. Men eg vurderar å prøve å høyre etter Magne litt fleire gonger enn eg har gjort i året som har gått. Irriterande ofta han har rett og eg tek feil. Dette kan eg sjølvsagt ikkje innrømme, sta som eg er. Men prøve å gjere noko med det i skjul, det kan eg gå med på…

Det som har gått att flest gonger i år er vel utsikten frå verandaen vår. DEN er det nok mange som er lei av tenkjer eg, og eg smålo av meg sjølv då eg bestemde meg for at i dag kunne eg ikkje legge ut bilete av utsikten uansett kva det såg ut… Men so var det jammen eit spesielt syn i dag og…

eikjastrondi

SMS-køane i kveld og natt vil vel ingen ende ta – so me nyttar heller sjangsen til å ynskje alle eit godt nyttår her via bloggen. Måtte det bli eit minnerikt og fredfullt år for kvar og ein av oss!!

GODT NYTTÅR !!

RelatedPost

2 Comments