So this is christmas…

Ei veke før jul tenkte eg (der eg låg på hovudet nedi doskåli) : «det skal bli so godt med juleferie der eg berre kan kvile og sove og kvile og sove». Orkar eg å sitje til bords julafta so er det fantastisk….

Men so skjedde det i dei dagar eit under – og her sete eg lykkeleg som aldri før!!

Tradisjonell feiring med min kjære og svigers. Koselege kaffislabedaskar. Pratesjuke veninner med eit glas vin i handa. God musikk og dansande folk i bakgrunnen, medan alle stryke magen min og er frå seg av lykke over kor heldig me er. Pizza og skatteliste-søk midt på natta. Vakne opp til strålande vêr med huset fullt av sovande, blide folk. Eit nytt sosialt lag ventande i kveldinga som eg gledar meg slik til at det berre er øyrene som hindrar meg frå å smile heilt rundt…

Kan det bli betre?

MED ØNSKJE OM EI FORTSATT  VERY MERRY CHRISTMAS

RelatedPost