Lys og mage…

… det var det som gjekk att då eg tømde minnebrikka på speilrefleksen i dag. Ikkje noko særleg spennande å blogge om nokon av delene =)

For fyrste dag på fleire månadar var formen bra i går – klarde å gjere litt småtteri i huset (til Magnes store glede). Kom so langt at eg pakka advents-stakane opp frå øskjene og la dei på bordet!! I dag er det store spørsmålet om me får dei heilt bort i glaskarmen. Spenninga er til å ta og føle på =)

Våre gode naboar på nedsida av vegen har innsett at våre stakkars fuglar må sjå langt etter solsikkefrå i vinter, so då trappa dei opp på døra vår med heimelaga fuglahus!

PICT3273

Heldige er me – og endå heldigare er fuglane! Fuglahuset stod utanfor døra vår, men sidan eg var i slek eit storslag i går klarde eg å setje det inn i gongen – so no i dag får me prøve å få det heilt ut på verandaen =) Skulle helst støypt det fast, men spikar gjere vel same nytten…

Fullmånen var sjølvsagt stor her på Nes i helga og, mange teknikkar vart utprøvd for å ta bilete av dette vidunderet, men det ville seg ikkje heilt. Min sedvanlege teknikk er å skru og trykkje på alt som går an på kameraet, få ein 3-4 uskarpe bilete på tvert – bli irritert, setje alt på auto att og legge kameraet nedatt i veska. Magne har litt meir tålmodigheit, so han runda vel 100 bilete vil eg tru? (Om dei var so mykje meir vellykka enn mine kan kanskje diskuterast…)

Eit slikt bilete har vel alle teke, men legg det ut lell:

PICT3194 - fullmåne

Åsso var det dinna utsikten då. Låg sol leika seg med skylaga – resultatet vart slik:

13.des

Berre lekkert =)

Etterkvart braut soli meir og meir gjennom…

13.des - sol

… heilt til ho braut so mykje gjennom at eg VERKELEG fekk sjå kor dritne glasrutene er i stova =( So det blir prosjekt nr. 1 fyrstkommande veke – få vaska dei ørten glasrutene i «stor»stova – UTAN å blåse vekk. Sterk vind her i dag. Eg blir sleten berre eg tenkjer på det. Tid for frukostkvil =)

Ha ein strålande søndag!

Related Post

One Comment