Det var det…

No kan jula berre komme. Ikkje ein einaste gong før kan eg hugse at eg har sete ut tida på ein eksamen… Men det er vel ein fyrstegong for alt…

Vanskeleg var det – men akk so mykje moroare det då er å få det til! I grunnen var eg MEIR enn fornøyd at eg klarde å komme meg til Sogndal utan spypausar, at eg ikkje spydde ut eksamenspapira mine før eg leverte dei, og at eg heller ikkje sovna «på post»! Og når det i tillegg var oppgåver som det var mogleg å løyse er det jo berre fryd og gammen.

Eg var so stolt over meg sjølv då eg hadde levert at eg fekk tårer i augene! No er eg blitt vaksen tenkte eg… (og køyrde innom statoil og kjøpte kinderegg og julehefter til meg sjølv…so lenge varde den kjensla!!)

Derfor irriterar det meg GRENSELAUST at eg har lege vaken mykje av natta og ergra meg over den eine oppgåva eg ikkje fekk til å stemme. I tillegg er det i dag dagen derpå. Eg kunne like godt hatt ein lang og fuktig fest i går og i natt – magen og hovudet hadde nok oppført seg på akkurat same viset. Men alt ein har førebudd seg på er enklare å takle – denne dagen måtte komme =)

Då eg køyrde heim over Heggmyrane-fjellet i går var himmelen rosa til dei grader i alle retningar. Kvitrima skog, glatt veg og so DEN himmelen. Eg kjende jula komme sigande inn over Luster. 14 dagar til julafta. Julehandelen so å seie i boks. Det har vel heller aldri skjedd før? Ikkje EI julekake har eg bakt, og kjem sikkert ikkje til å gjere det heller, og berre TANKEN på at eg ikkje skal stresse med det, fekk meg til å smile.

I dag fekk eg sjå sola lage rosa fjell att… Isflak flyt på fjorden. Eg gjer meg klar for jobb og småryddar litt på kjøkkenet i påvente av at «morgon-sykja» skal sleppe taket… og tenk, der i skåpet bak kokosmassen – der stod det to boksar heimelaga julekaker. Frå i fjor. So ikkje kom og sei at eg ikkje har julebaksten i boks =)