3-minuttars uvêret

Tenk om eg skulle gjort noko anna om dagane enn å teke bilete av fuglar og utsikten vår? Kva hadde skjedd med verda då?

I går blæs det hundar og kattar – fy kå det riste i huset! Sterkaste vindkasta i haust?

I dag var det grått som fy – og me såg snøkavane krype nedover fjellsidene frå Molden!! Direkte stilig var det. Inn fjorden kom bygene og – i forrykande tempo:

snøkavar...

Det lavsnøa i nøyaktig 3 minuttar (ikkje noko som la seg sjølvsagt), og so braut soli gjennom, og vêret «forsvant» lika fort som det hadde komme:

etter snø kjem sol...

Underfundigt =)

Då eg ein time seinare skulle ut å køyre bil var det til mi store forundring tjukk is på frontruta!

Stakkars pip-pipane har sikkert blese vekk – men Magne fekk eit par artige bilete for eit par dagar sia! Me har slikt å gjere på =)

PICT2954-1PICT2963-1

PICT2974-1PICT2984-1

PICT2998-1 PICT2999-1

MANGLAR BERRE EIN TIL NO – SO HAR ME ALLE 7 SORTANE TIL JUL  =)

Tags:
5 Comments