Ditta går ikkje…

… har gått litt nedover med blogging siste månaden ser eg… hmm… ikkje bra. Men er ikkje so mykje å skrive om. Eg er byrja at på jobb – og då minkar det fort på interessante ting å skrive om – berre kvardagsprat. Magne hadde atte 2 veker ferie då eg byrja å jobbe att, so han burde ha mykje å skrive om. Trudde eg. Han fekk med seg ein del toppar i hurrungane – både i regn, sol og snø. Storen vart nesten overvunnen, men han får fortelje sjølv.Bileta klarde han nesten å slette. Det var ditta med back-up då!

Helga har me tilbringa i Amsterdam. Oppkjøpte Datapart var invitert på jubileumstur med oppkjøparen, Fjordane IT. Og me "nærmaste pårørande" fekk vere med. Ei flotte lang-helg med mykje mat og mykje drikke. Amsterdam er ein fine by. Korleis oppsummere byen? Truleg like mange syklar her som i kva som helst kinesisk by. Og syklane hadde forkøyrsrett… nesten heile tida! Full fart. Eigne 2-felts gangfelt for syklar – ingen nådde om me gjekk der!! Kanalar. Var vel ca 100 km kanalar i byen. Laurdagslunchen var ombord på ein kanalbåt med fancy restaurant. Avslappande og gode greier. Red Light district. Narkotika. Men totalt fredeleg å gå i handlegater og sentrum. (eller so fredeleg det kan bli når i ei travel handlegate – var tofelts gåing her – var best å holde sida si ja…) Ingen selgarar, ingen tiggarar, ingenting!! Flotte restaurantar, facny 5-rettars middag, mykje vin, og vin – og anna alkohol… Flott hotell midt i sentrum. Ei skikkeleg kjekk helg med andre ord.

Bilete var det dårleg med i dag. De hugsar vel fortsatt korleis me ser ut – kanskje klarar eg å finne ein måte å få bileta frå kamera over på pc’en utan minnekort eller kabel… ?

Må nett nytte sjangsen til å gratulere min kjære svoger Ruben og mi kjære svigerinne Liv: dei vart foreldre til ei lita jente for nokre timar sidan! HURRA HURRA HURRA!!!