Fanaråken

Litt treigt i svingane her – feriemodus!! Fanaråken duatlon på laurdag – Magne deltok aktivt på «Fanaråken opp», eg litt mindre aktivt. Rusla oppover med Signhild. Rett so koseleg i regn, deretter hagl og vind, og etterkvart snø. Gjett om eg var gla for at Signhild hadde meldt seg på på eige initiativ, elles hadde eg nok fått høyre det!!

Me var vel komme på ca 1800 moh då Magne kom springande forbi oss. Som seg hør og bør tenkjer vel alle at me heia godt då han sprang forbi, men alt han hadde høyrt var «EG HAR IKKJE MEIR BATTERI I KAMERA, EG HAR IKKJE MEIR BATTERI I KAMERA», pluss nokre gloser som ikkje høver seg på trykk. Ja,ja Magne – viss ikkje det gav deg ekstrakrefter veit ikkje eg!!

S6300888 Kaldt på toppen

S6300896 Smilande, men det var fyrste og siste gong ho skulle gå fanaråken opp, fekk eg innprenta. Og eg trur ho…

S6300900 eit lite familietreff på veg nedatt

S6300909

Skodda letta litt då me var på veg nedatt, sola slapp til og med gjennom inni mellom!

Lika imponerande tider på vinnarane som vanleg. Eg høyrde om ein spreking som småsprang nedatt frå Fanaråken, sprang heim Heljedalen og sykla i full fart nedatt på Skjolden. Dette tok 1t 47 min… berre 10 minuttar mindre enn vinnaren (A.Post) brukte opp!!!!! Er det mogleg????  TREN folkens, TREN som berre juling…

One Comment