«Nordre Soleibotntind rundt»

Fridag frå breen i dag, og store planar om enten avslapping eller ein av dei kortare topptrimturane. Men neidå. Kvalsøren-gutta ville på tinderangling, so då var det berre å pakke sekken og hive seg med!!  Sjølv om eg fekk med Erling var Kvalsøren i overtal – 3 mot 2 =)

Avreise frå bilvegen på «Årdalsfjellet» kl vel halv 8 i dag tidleg – med retning Lauvnostind. Ein topp som ikkje heilt rekk 2000-meter grensa… Traversen vidare derimot, var steike flott!! Litt rangling på smal egg, ein ca 15 meter-rapell, kliving i laus grus, før me nådde skaret mellom Store Soleibotntind og Nordre Soleibotntind. Her small fyrste tora – men himmelen var fortsatt blå over mesteparten av Hurrungane, so me satsa på å komme oss opp på Nordre.

Litt feil vegval ? førde oss ut på ei smal hylle på høgresida av Nordre – 1000 høgdemeter rett ned i Ringsdalen freista ikkje spesielt… men den som leitar etter vegar opp her i livet skal belønnast – og opp kom me – gjennom ei smal, trang kløft. Litt halv-lett rangling rundt toppen – og opp kom alle mann! Fantastisk utsikt og hipp hurra.

Nedatt frå Nordre fant me ei «rute» der me klarde å klive ned meir eller mindre usikra – so då fekk me faktisk gått rundt omlag heile fjellet – derav overskrifta =)

Det byrja å mørkne litt rundt fjella, so det var om å gjere å komme seg opp på Store Soleibotntind før alt braka laust. Her var det grei klatring, gode tak, men mykje laus stein, og ei særdeles bratt snørenne – so tauet vart nytta litt her og litt der. Toppen av Store S. dukka plutseleg opp, og me kunne puste ut etter mange timar i full konsentrasjon =) Torebyene kom nærmare og nærmare, men Hans, Erling og Kai ville ha ein snue bortom S2 (søre Soleibotntind) – eg og Magne sette kursen nedatt i låglandet, då me begge hadde vore der borte før.  (Les meir om det her)

Eg og Magne gjekk like framfor regnet heile vegen nedatt til bilen, og fekk oppleve ein aldeles nydeleg regnboge over soileibotntindane som bada i sol, medan himmelen var SVART i bakgrunn. Stilig. Me håpa at dei andre 3 var på veg nedatt, då lyna byrja komme faretruande nær. Dei var faktisk ikkje langt bak oss ned til bilen – og oppsumeringa var fort gjort: Ein KNALL tur i flott terreng – og me var MEGA heldige med vêret etter å ha opplevd lyn og regn på alle kantar ein periode =)

S6301099 Lauvnostind i midten av bilete, rapell ned på høgresida ved enden av traversen, utsikt frå skaret mellom nordre og store Soleibotntind.

rapell Svigerfar rapellerar ned frå Lauvnostind.

CIMG0481 Greie tak, men laaaangt ned…

mot toppen av nordre Soleibotntind siste kneiken før toppen av nordre (etter å ha gått rundt omlag heile toppen)   Ser Lauvnostind i bakgrunnen..

Kai Kai på toppen av nordre…

gjengen på toppen Toppen av nordre

BRATT !!! Bratte snørenner. Klarde å unngå den fyrste ved å klive på fjellet ved sidan av, den andre måtte me opp! Store Soleibotntind i bakgrunnen til høgre.

snørenne...

ekta fjellmann Erling brillierte på smale eggar og opp bratte hamrar =)

tinderangling! Nærmar oss toppen – plutseleg vart det breitt og fint og gå!

Til slutt ei samanlikning av himmelen klokka halv 8 om morgonen vs kl 19,30 om kvelden:

kl 7.30 om morgonen

klokka 19.30 om kvelden