Hompedalen vs Dalsdalen

Fyrst til alle som spør etter brepub-liste: Kjellrun har lagt ut oversikt, sida hennar finn de under lenkjer, eller trykk HER.

HOMPEDALEN

I går var Magne skifta ut med Anne Marte, målet var Hompedalen over Myklemyr. Stølen tok me ikkje bilete av (!), men utsikten på veg opp er nøye dokumentert.

Vigdalen:

Vigdalen

Myklemyr:

Myklemyr

Ei konsentrert dame i flyge over grøvene elegant som få:

flying high

Anne Marte viste at dyretekke det har ho. Tamme sauer lurte fæle på oss:

S6300497

bææææ

DALSDALEN

I dag har det vore sightsing til Kilen i Dalsdalen. Ruben og Liv var reisefølgje. Me var ekta turistar som var lause på avtrekkaren med fotoapparat og det vart mange stopp undervegs. Innfødde såg me lite til, men kyr og sauer tok godt i mot framandfolk =)

Dalsdalen

Nysgjerrige sauer tykte det var tryggast å gøyme seg bak husa:

sauene tok sine forholdsreglar

ei skummel låvebru ?

Utruleg mange flotte steinmurar… :

steinmurar

Kyr har me sett før, men sjeldan at dei ligg so roleg når bilen køyrer ein halvmeter i frå =) Kan ikkje vere so stor trafikk frammi der?

avslappa kyr

Ei kyr skilde seg litt ut. Artig mønster:

artig farge...

Tobias i tårnet?

var det her kardemommeby eigentleg skulle vere?

Ved vegs ende: Kilen. Hit men ikkje lenger. Stoppskilt og hengjelås, samt 2 meter høg gjerding skulle seie det meste. Truleg nokon som har klikka over dette etter skothola i skiltet å dømme:

Kilen

Fasinerande med alle digre bregnene som dekka store deler av Dalsdalen. Ein frodig plass. Og det var ikkje slike små bregner som når ein til knes. Her kan kven som helst gå seg vil! Skikkeleg fasinerande =)

ikkje ein dråpe

Til slutt eit bilete som gir «vatn på mølla» for alle utbyggjingsmotstandarar over det ganske land. Ikkje mange dråpar som kjem ned elva frå Kringla. Her må minstevassføringa ligge under 5 dråpar dagen. Straum-masta i front seier vel det meste =)

So for å oppsummere… God trimtur oppå Hompedalen, flott biltur i Dalsdalen. Kva var eigentleg poenget mitt her? Eg får heller nytte sjangsen til å ynskjer dykk alle ei retteleg god helg i ustabilt vêr =)

3 Comments