Haugafjellstølen

Eg har byrja eit nytt prosjekt som går ut på å vise Magne stølane i Jostedalen. Kanskje mest fordi det er greit med litt variasjon på skogaturane etterkvart. Startskotet gjekk i går med Haugafjellstølen. (so får me sjå kor mange veker det blir til neste støl…)  Me passa på å vente til det hadde regna for å få litt ekstra utfordring opp og ned svaberga, og me tok joggesko for å få litt gjennomgåande vassføring blant tær og skrubbsår =)

SOLSKUGGAR

Veret var både ôg, litt kald vind på toppen. Nokre regndråpar, men eg kan vel ikkje seie eg vart noko blautare enn eg allerede var =)

Eg les i laurdagsavisa om ulike friluftsbad som opna i helga, Haugafjellstølen er vel eit av unntaka. Freista ikkje å hive seg uti i går i alle fall!

S6300394