Sommar i Jostedalen

I alle fall i forhold til mange andre plassar i dag. Magne rapporterar at på Dyrhaugsryggen var det overskya og delvis skodde, i Årdal har eg fått rapportar om kald vind og skyer – men i Jostedalen skein sola omlag i heile dag.

Tante Siv og tante Aud, Torgeir og Simon, og Rambo har delteke på årets fyrste fjelltur utan ski/trugar oppi dalen – turen gjekk til nedste Skoldalen =)

Simon og Torgeir  To fornøygde gutar tok teten!

Siv og Aud Tante grøn og tante raud =)

snø på nedste Skoldalen

Eindel snø att over seli – men fort det minkar slike dagar!

Gutane fann beste sitjeplassane, og studerte på kor mykje snø det var att i Fossøyane.

Karlson på taket?

Me var og imponerte over Storefonni som kom i går – vart plutseleg mykje meir snø på Nesalandet (Fonni var stor, men tydelegvis ikkje stor nok til å komme innpå bilete mitt. Kanskje Siv kan supplere meg litt på det feltet?)