sukk…

 

… so nærme – men ikkje nærme nok. Dei kan ikkje utføre mirakel kvar gong =)  Synd det endeleg låsna for Drogba, men kan ikkje seie at det ikkje var fortjent. Blir ei noko til batalje i Moskva løll… sjølv om mykje av spenninga der er vekke for min del!

Elles kan eg raportere om skikkeleg kald vind på Nes i går og i dag – isoporen til Vidar nabo flaksar rundt her.

Graset er grønt og burde vel vore slege snart – eg ser ikkje heilt at me får jamna ut "plenen" vår med det fyrste, so vurderar å gå til innkjøp av ljå.

Viss vêret held seg tørt lyte me snart gyve laus att på husmåling. Magne har spraya/kosta på alge/sopp-drepe middel i kveld – får håpe det tek knekken på nokre drite-glade måsar so flaksar rundt her og =)

Ei retteleg god 1.mai feiring til dykk alle i hop

3 Comments