mot sommar

Er det årets fyrste bubil som har slege rot for natta? Han kunne nok ikkje funne ein plass det lukta meir møk/gylle i kveld same kor han hadde leita… men fullmånen som speglar seg i fjorden veg kanskje opp =)

bubil

Eg har hatt besøk av mamma sine grøne fingrar i dag, so då vart det blomsterstelling og stulling. Koseleg det =)

stemorsblomter på plass =)

Blomsterplanting, bubliar og god møkalukt? Jo, det går mot sommar folkens…