Turen med det rare i…

Me utforskar nye territorium, og gjekk i går stien frå Nes til Råum. Stien var enkel å finne på starten og slutten, men me gjekk litt i ring på midten… Raude prikkar på trea var til god hjelp, men nokon plassar fant me raude prikkar på bark som låg på bakken! Der har vore gjort ein kjempejobb med rydding og merking, men ein fin jobb for bygdelaget å merke endå meir.

Grensevaktar ?

Til tider flott sti

Stien var til tider god å gå på, men stygg-bratt på nedsida. Reiser du av på trillt so stoppar du ikkje på ei stund =)

Ein gjerding utan grind vart ei lita utfordring med ein hund på x antall kilo, men det som bekymra meg mest var at me vart ståande under eit finurleg tre som ikkje heilt hadde gitt opp kampen. Var dette eigentleg ei felle ?

Me er og nysgjerrige på kva dyr som har bygd reiret på bilete under:

Ørn? Skjor? Bjørn?

Me sjekka om det budde stinkdyr inni trestammen, men ingen kom ut då me banka på:

DSC00010

Flott vårvêr både i går og i dag. Som vanleg god utsikt frå Råum:

DSC00016

Molden i panorama