Vêr + ny nabo

Ikkje noko er betre enn å bli vekt av 2 gravemaskiner og traktorar som durar på utanfor huset vårt!

Graving i gang

Arbeidet på tomten til Vidar er i gang!!

So var det ditta vêret då. Eg kom heimatt frå jobb midt i ei hagl-byge, samtidig som sola skein. Jammen står sola høgt på himmelen endå, klokka er berre 18.00. Vil tru at ho skin til nærmare halv åtte om kvelden no etter at me har skrudd klokka!

Fyrst eit bilete teke gjennom glasruta for å demonstrere at det regna/hagla vannrett medan sola skein:

bilete teke gjennom glasruta på kjøkken

 

Deretter plasserte eg meg i verandadøra og knipsa vilt:

S6300025

 

S6300033

Eg tykte jo sjølv at eg hadde gjort nokon skikkelege blinkskot, og var rett so fornøgd med meg sjølv, heilt til Magne kjem inn dørane og lurer på om eg har sett den knallflotte regnbogen like bak huset vårt. Eg velta klestativ og sprang på dører for å komme meg utpå den andre verandaen før vêret slo om – og knipsa lika vilt og gale der.

S6300035

Regnbogen byrja nede ved fjorden…

…gjekk i ein fin boge over huset vårt…

S6300038 

… og enda opp ved gravemaskina.  Vidar – me skjønnar kvifor nokon grev på tomten din – er det ikkje i enden av regnbogen det skal finnast gull =)

S6300040