Snø igjen =)

eller: snø igjen =(

Litt usikker. Eg presterte å tryne so lang eg var då eg skulle ned å hente bosdonkane (ja, dei skulle vorehenta i gårettermiddag, men då var eg ikkje heime!). Eg følte meg svært so lekker der eg låg so lang eg var, halve meg i inn i vegen og resten av meg (bl.a. tryne) godt nedi grøfti. Hol på kneet vart det, og blodet pipla.

Men det stoppa ikkje meg – so vidare gjekk eg – fant dei rette donkane og skulle oppatt bakken. Det kom ein traktor oppover nes-bakken, men eg fant ut at eg hadde no god klaring på å komme meg over vegen før traktoren skulle passere.

Traktoren skulle diverre opp same vegasjøle so eg, so eg måtte jo vime meg godt til side for vegen, og i det eg skulle snu meg for å sjå kven dette var forsvant føtene mine til kvar sin kant, og eg trynte. Igjen. Med ei hånd på kvar donk var det ikkje att noko å ta seg for med, so hovudet deisa i bakken, to fingrar vart klemt under eine båsdonken, og mitt piplande kne vart grytt ned i snøen. Om ikkje anna stoppa det no å blø. Truleg av sjokk…

Eg tenkte no so pass langt at eg måtte skunde meg å reise meg opp før vedkommande i traktoren kom ut for å sjekke om det var liv i meg, og eg tvinga fram eit smil. Men det holdt ikkje lenger enn til traktoren var kommen 10 meter lenger oppi vegen, då tippa lepen hin vegen. Tragikomisk kan ein vel kalle slikt…

Ein kan no seie det slek at eg var vel ikkje direkte smilande då eg trampa inn i tunet nokre minutt seinare. Men slek går no dagane.

Eigentleg skulle eg berre fortelje at no er det komme snø att på Nes, so som konklusjon får eg oppsummere slek:  snø igjen =(  

utsikten frå verandaen i ettermiddag!

so vidt nok snø til å dekke grøne grastustar... 

utsikten oppover...

Litt mørke bilete… muleg det går an å stille litt på kamerat som eg akkurat pakka opp av øskja, men det blir I ALLE FALL ikkje gjort noko meir innstillingar no, å so er det sikkert!!

GOD HELG

3 Comments