Silkeføre =)

Magne var primus motor i heimen i går, og sørga for at me kom oss ut dørane før middag. Før klokka 11 faktisk. Me tok ein so kalla "pakketur" med "Luster Telemark". Eller dvs ein tur med Ruben og Ingvild, og nokre andre gjestemedlemer. Same det. Ut kom me oss – og kosa oss gjorde med. Eg hadde ikkje tid til å fullføre rundturen – men skreidde etter nokre timar nedatt der me hadde gått opp. Å for eit silkeføre – du og du… Dei andre hadde vore borti skorpeføre og sleke ufjelge saker i skuggesida av Engjadalen… Men etter bileta og videoane å dømme fekk dei no svinga seg dei og =)

Roger i fulle fart

Litt skyer framfor sola då me parkerte bilane våre i Engjadalen, men etter kvar høgdemeter forsvant ei og ei sky…

skydekket i ferd med å løyse seg opp

… og det vart etterkvart heilt fantastisk, strålande og nydeleg osb.

smilande dame =)

Utsikten vart sjølvsagt betre og betre... 

På jakt etter topp-varden Molden der nede ein plass…

Toppen er nådd: "Grånosi" 1346 moh.

 

Beautiful ;-)