Frå vinter til vårteikn

Snøen for att lika fort som han kom:

dårleg skiføre...

Sjølv om snøen er vekke kan me sitje å inspisere snø-kavane som herjar bortpå Indrebygdi.

Eg les at det var godt over 2 meter med snø på Hellebø i dag – det kan ikkje me akkurat skilte med her på Nes, men me kan sjå fram til ein tidleg vår. I dag oppdaga eg fyrste vårteiknet: gåsungar!

vårteikn... 

Kanskje har dei vore der ei stund, eg er ikkje so oppvakt alle dagar. Men no når eg har oppdaga dei tenkjer eg i alle fall at det ikkje er lenge til eg kan ligge på verandaen og sove middag i bikini… ikkje at det har vore sol på ei stund, men før eller sia må ho vel klare å skine att her og =)

gåsungar

One Comment