Berre klaging….

Jadå – eg er rett so blid om dagane, so ditta blir eit særdeles positivt innblikk i ferien min!

Eg får byrje med det positive. The Reds svara på kritikken etter eit litt…. kremt… "småpineleg".. tap i FA-cup’en. Skulle ikkje tru det kunne vere muleg, men jodå. Tysdag gjekk det betre – so kvifor ikkje spele slek heile tida?

Må nett ta med at eit 1.div lag slo Liverpool ut av FA-cupen i 2005 ôg… og alle hugsar vel korleis det enda i Istanbul ? Kan historien gjenta seg i Moskva til våren?

So var det klaginga. Ikkje er eg sjuk og ikkje er eg frisk. Slapp so eit laken, trøytt so ein potetsekk og sint so eit helikopter. I går kveld låg eg med varmeflaske på iskalde tær, kald klut på varm skalle – men hadde det elles heilt strålande. Hovudverken er verst. Konstant banking. I dag er eg midt i ein etterkvart voldeleg borgarkrig med vedaovnen vår. Han pleier då å vere rett so medgjerleg… Då eg byrja å fyre i dag tidleg var det 18,5 grader i stova. No har eg herja på med den ovnen i snart 4 timar, og temperaturen viser 17,2 grader. Sjølvsagt fryse eg ikkje – sveitten renn. Men sukk likevel. Dritt ved. Dritt ovn. Dritt hus. Dritt vêr… 

Me la alle 3,6 millionar vedakubbar i 60 liters-sekker då me hogg skogen på tomten vår for 2 år sidaen, og desse sekkene klarar eg akkurat å småspringe med frå vedadongen, rundt karnappen nede og inn i kjellaren før fingrane mistar taket og sekken krasjlandar på golvet. Reint og fint blir det med alt vedarusket, men det er no berre ein bagatell. Dessverre klarar eg ikkje la vere å irritere meg over at dei hersens vedakubbane berre heng fast i sekkene. Eg ristar og slit og lovprisar sekkene opp og i mente før dei slepp taket i kubbane. Eg klipper opp sekkene, skjer dei sund med kniv. Hive dei so langt eg får dei inn i kjellaren etter att dei er tomme. Men eg har endå til gode å hente ved i kjellaren utan å få ein slek pose hengjande etter meg då eg trampar opp trappa so støvet flyg. I dag har det jo vore rett so festeleg her i huset sidan veden då i tillegg nektar å ta fyr etter at eg har streva på med han ei stund nedi kjellaren. Kanskje han er lika utslitt som meg etter alt balet? Blæhhhh.

Ein plass bakerst i hovudet mitt er det ei stemme som prøvar å overbevise meg om at det ikkje er særleg smart å skrive innlegg på blogg når eg er so sur og sint, men sleke stemmer har eg forlengst lært meg å overhøyre. Eg har dessutan bestemt meg for å rydde i kommoden i gangen. Der er 5 skuffer som me kastar ting nedi rett som det er. No var skuffene so fulle at dei ikkje gjekk verken opp eller atte. Derfor har eg spredd innhaldet over heile kjøkkenbordet og ser verkeleg fram til å ta fatt på sorteringa. Inni mellom fyringa. Og vedahentinga. Etter å ha fått litt oversikt over alt rotet er det ikkje mitt rot eingong. Sukk. Viss ikkje dette hjelp på hummøret, so kva skal eg då gjere?

.

3 Comments