vinterferie…

"Mykje nedbør og vind, vanskelege køyreforhold og stor rasfare. Dette er den lite kjekke meldinga frå meteorologen når vi no går inn i vinterferieveka."   [sitat frå NRK sogn og fjordane]

bilete henta frå NRK Sogn og Fjordane 

Berre i tillfelle nokon mistar teljinga på kalendaren – når slikt vêr blir meldt er det ingen som er i tvil om at no er det skuleferie-tid =) Og om nokon vidare er i tvil om det er vinter eller påskeferie det no er snakk om, er det berre å sjekke saldoen på kontoen: det er tydeleg at det ikkje er lenge sia juleferien, ergo må det no vere vinterferie!

skiføre...

Slek er skiføret på Nes… Er vel og merke komme ca 3 mm blaut, fin snø i dag, men eg ser ikkje heilt at skiføret tek seg opp fyrste timane… Nedbør er meldt i natt og i måro, so me får sjå kva sort som dett ned då. Heldigvis er ikkje vegen lang til meterhøge snøkantar, so ski lyte det bli… sjølv om ikkje vêret er heilt med på lasset =)