Morsdag…

Morsdag over heile det ganske land i dag

Faktisk heile verden feirar mødrene i lag

So kvifor skal no dette gjerast – so innmari stort

at mor er mor og alt det der, med pakke, kake og kort?

 

Jo det trengst inga doktorgrad for enkelt å forklare

ikkje veit eg kven som spør, men eg trur at eg har svare:

For småe barn er sjølvsagt mamma-rolla kjempe stor,

dei byggjer jo sin kvardag rundt armane til mor

 

Men barn veks opp og då er mor ei konstant store plage

blandar seg i alt, ja rydde rom blir sut og klage

Ikkje får me ut om kvelden til kjærestar og løgne’,

og ikkje får me drikke øl og herje heile døgne!

 

Plutseleg er det hybelliv, me føler oss vaksne og spreke!

og fiskepinnar smakar godt i vertfall halvanna veke

Ingen masar, ingen klagar, rotet kan ligge og gro,

men merkeleg nok er det ikkje so kjekt når bakteriar har overteke do!

 

Etter å ha budd i fleire år med hybellivets glede

byrjar me å tenkje litt tilbake på vår vrede.

Var det ikkje alltid mor som  tok feil om alt her i live’?

det høyrest jo utruleg ut, men tvilen har byrja å spire.

 

Og når me sjølve har slege rot, og ikkje lenger sler bust

då ser me sjølvsagt alle at me sjølv var ein stor dust

Mor var den som stillte opp sjølv om me auka farten mot ein sving

og mor var den som alltid forstod, når me sjølve ikkje skjønte nokon ting.

 

Ei mor har 8 hender og minst like mange øyrer,

sjølv om me ikkje snakkar er det rart kva alt ho høyrer.

Ho tok oss opp på fanget om kneet var forslått,

og trøsta oss med godord når ein kjærest hadde fått nok.

 

Ei mor kan stelle heime sjølv om ho har jobb der ute,

vaske,rydde, lage mat, riste dyne og pute

Sokkar og vottar og hanskar som forsvant for alltid på ferden,

kunne mor finne midt på golvet som den naturlegaste ting i verden…

 

So til alle mødre – kvar de no måtte vere

de har litt av kvart å feire i dag, i lag med dykkar kjære

La alle få setje pris dykk – alt det som me tek forgitt

Gratulere so mykje med morsdagen – prøv å få slappe av litt..

2 Comments