Ski og fotball…

… godt å komme seg ut i slikt eit fint vêr. Ein liten skitur med Anne Marte oppå Nosakollen i dag. Sol og varmt på toppen – kaldare i skuggen lenger nede i bakkane!! Føret var betre enn frykta, formen kanskje ikkje fullt so bra =)

Anne Marte skriv oss inn i manntalet!

Nervepirrande minuttar i sofaen etterpå.. Magne ikkje heilt fornøyd, og eg forstår han godt: typisk United å utlikne på over-overtid! 10 gule kort seier vel litt om nervane i den kampen!

No er spørsmålet: kan Liverpool revansjere det håplause tapet frå onsdag? Kjedelegare kamp skal ein leite lenge etter – so i dag forventar eg mange mål =)

Og sist men ikkje minst: Jammen er det byrja å snøe på Nes i kveld! Me har no tross alt hatt 5 dagar utan snø no – so då var det på tide… 5 dagar utan snø sidan 1.november =)