Home sweet home

Tilbake i gamlelandet i går kveld. Eg skulle nok ha klart ei veke til i sol og sand utan store vanskar, men det var no i grunnen godt å komme heimatt og. Me takkar dei høgare makter for at me ikkje hadde heimreisedag fredag då "Sondre" slo inn over Norge, og me bør sikkert takke eit eller anna for at me valde Flesland og ikkje Gardermoen og!!!

soloppgang... Flyet vårt skulle ta av kl 8.00 Gran Canaria tid, og då fekk me akkurat eit glimt av soloppgangen i det me steig ombord.

Me fekk no merke etterdønningane etter stormen ved innflyginga til Flesland i går, siste halvtimen i fly vart av det turbulente slaget. Me såg lyna slå ned rundt omkring oss, haglet hamra på rutene og vinden svinga flyet fram og tilbake og slepte oss ned i luftlommar. Minna mykje om berg og dalbane =) Pulsen heldt seg normal då det skal eindel til før so store fly får vanskar, men alle hadde det ikkje slik. Litt bak oss sat det ein far med to ongar som sikkert nærma seg skulealder: Ongane hoia og skreik og tykte ristinga i flyet var skikkeleg spennande etter å ha sete heilt roleg i 5 timar – medan faren var likbleik og sikkert godt kunne vore den siste halvtimen forutan =)

Me var utruleg heldige og fekk sitje med ein småbarnsfamilie framfor oss og ein bak oss på heimturen og. Ikkje eit gale ord om ongane – dei er vel so uskuldige som dei kan bli – men eg fryktar at eg kjem til å ha mareritt om skriking på alle kantar i draumane mine dei neste vekene…

… bilete har eg ikkje so mykje av, då Signhild stod for den delen av pressedekkinga. Eg har heller konsentrert meg om videokamera – og etter litt nærmare ettersyn vurderar eg å dubbe heile filmen med musikk. Er det noko eg ikkje kan fordra, so er det å høyre meg sjølv prate på film. So kåfer klarar eg då ikkje å filme utan å opne kjeften?

The Sperle ladies "3 pretty sisters" som innkastarane ropte etter oss. Mamma var sjølvsagt veldig smigra og tykte det var trivelege folk;  eg og Signhild var ikkje fullt so imponerte…

Eg fekk telefon frå Karin då me hadde passert Voss i går, om det kunne komme ein gjeng på vorspiel på Nes i 21-tiden. So eg klarde akkurat å komme meg heim før huset vart fyllt opp. Vart ein særdeles triveleg kveld som enda på kroi. Og det var ikkje problem å få sove då eg kraup i seng i halv 3 tida i natt etter å ha vore på reisefot i 15,5 timar og so rett på fest =)

I dag har sola skine i 3 timar på Nes, og dei 7-8 cm med snø frå i går kveld har lagt seg fint på markene. Men me skulle ikkje langt oppi skogane før det vart tyngre å vabbe. Me møtte Hans Fossøy på veg nedatt på ski frå Hovden og han kunne rapportere om at der var det eit tresifra antall centimeter snø.

Fotballen er i gang på TV, so då er eg spent på om eg får oppleve eit nytt sirkus frå sambuaren min, eller om eg blir påtvinga sørgeband resten av kvelden =) Magne seier sjølv at: ".. det er no berre united i kveld, so det bør gå greit…". Me får no sjå =)

karibien neste...? Me presterte å vase oss innpå feil båt, og lurte ei stund på om me var på veg til Afrika, men enda no opp der me skulle etter ein omveg rundt nokre delfinar =)

solnedgang i Atlanteren

2 Comments