Syden – dag 5

Har endå til gode å sjå temperaturen gå under 20 grader… Har hatt ein dag med overskya, og då fekk me oss ein liten fjelltur. I dag er det båttur som står på programmet – so får me sjå kor langt me kjem før sjøsykja tek overhand. Det mest imponerande her nede er dagsferske  aviser før frukost… VG les me kvar dag til kaffikoppane våre (juiceglas i mitt tilfelle då eg ikkje skjønnar poenget med kaffi endå). Hånballkampane føl me stort sett med på og, ein norsk bar nedi her har TV2. I går krangla me til oss gode plassar med god sikt mot storskjermen – med irish coffee og greier (signhild meinte den bestod av 70% whiskey og resten krem) so me vart gode og heite i toppen…

Pappa melder om storm heime i måro, so me får håpe det løyar til me landar i Bergen utpå dagen laurdag…  No ventar sola på meg…

adios…

2 Comments