sommar og sol…
No sete eg i Puerto Rico på Gran Canaria og kosar meg gløgg i hel… her har vore ca 27 grader i dag, so fryse gjere eg ikkje. Flott hotell med fine rom og stor, god frukost – ca 10 min frå sand og bølgjer…
… Ein kontrast til bilturen frå indre sogn til Bergen i går!! Mamma og Signhild køyrde kombien frå Jostedalen og plukka meg opp i Sogndal, og me håpte at verste slapseføret og regnet då låg bak oss – men so feil kan ein ta!!! Eg presterte å få bilen på tvert på veg inn i Gudvangentunnelen – eit under at han retta seg oppatt og alt gjekk bra, og mamma hadde ein elegant manøver i lyskrysset på Voss – so då me oppdaga ein ambulanse som kom naermare og naermare oss bakfrå, utrykte Signhild at det kanskje var ein fordel å ikkje sleppe den ambulansen forbi med de fyrste!!
Veret skifta mellom kvar tunnel – frå slaps og striregn til tøya veg og blå himmel, til hagl og is og tilbake til slaps og regn, i tillegg til at vindkasta rista godt i bilen! Men alt det er gløymt no!
For te Bergen kom me – og flyturen gjekk flott, trass i skrikande babyar både framme og bak =) Kvifor folk på død og liv skal drasse med seg nyfødte ongar på flyturar som varer i over 5,5 timar er meir enn eg kan forstå! Men det er gløymt det og… i alle fall fram til heimturen =)
Viva Espania
Eg misunne dikka ikkje. Her har de vore eit flott snøvær heile helga. Eg er sikker på att de lengta heim til snø og ski når de har fått lege ein time på stranda.
hoho, kos dykk! vel er det fint her, snø og sol, men 27 grader og sol ER godt. Viva España!
same veret i dag, og det byrjar å bli ein anelse raudfarge bak på lår og legger, men ikkje av det alvorlege slaget =) Utruleg kor godt humør ein blir i av sol og varme… derfor eg var sur heile sommaren som var…? Veret heime høyrest bra ut – men eg reknar med at snøen blir liggande til me kjem heimatte =)
Pass på Anki! Stormen forfølger deg!
Helt vindstille på Nes i dag!…rart..
Blå himmel!…hva i alle dager..tenkte jeg.
kikket innom VG, og der ser jeg grunnen…
Anki er jo på kanariøyene!
=)
VG.NO:Varsler storm på Kanariøyene !
http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=508805
Øh..I hvilket skap skal vaffeljernet vere?
..og du glemte å sette rømmen inn i kjøleskapet..
haha:D Har du lese historien om mannen som skulle stelle heime? Du anki kjeme te å ha geite på taket når du kjem att=)
Kos dikka i Syden!=)
hehe… eg fryktar det ja! Men viss det ikkje er noko verre enn geite på taket so skal eg vel takle det =)