Gratulere med dagen !!

Hurra for tante Siv

Ei flotte, spreke dame i det høge, fagre nord,

har «runde dag» i dag, og då er det aktuelt:

å sende både kyss og klem, men også nokre ord,

frå nieser og nevøar, og slekta generelt

 

Eg teke på meg jobben å få seie desse ord

om ei super dame, det er få av din sort

Turane til Sandnessjø’n har sett sine spor,

dessverre so går klokka der so alt, alt for fort.

 

Grilling i solnedgang frå ein koseleg terasse,

Bading ved strandkanten, eller roing utan stopp.

Og alltid ein båttur der me opplev ein heil masse,

Krabber og fisking og rekelunch er topp.

 

Båtlivet er superkjekt, men bading gjer oss sløve:

Landkrabbene vil til fjells om vêret er på hell.

Haglbyger og striregn laga elvar ut av grøve,

men Siv i spissen guida oss til toppen likevel.

 

Ein plass i vore hovud ligg det alltid ein idê,

om når neste nordlandstur kan gå frå tanke til handling.

Og ikkje er det løge at alle gledar seg til det,

for casa Strandvoll gir oss alle kjempe bra behandling!

 

På vegne av oss alle, vil eg då få ønskje deg

Alt godt for det som ventar i ditt lange, gode liv.

Ein store klem eg sender før eg takkar her for meg:

Til lukke med dei 40 år – du kjære tante Siv!!

4 Comments