5.juledag

Mykje fram og tilbake – men i går vart det eit endeleg farvel til bilen min. Eg hadde fått nok! No var det so mange ulydar at eg hadde byrja å drøyme om dei om natta…

hade bra bil  

Ikkje noko ny bil i siktet endå – so eg var framtenkt 2.juledag då eg gjekk heimatt frå fest i Gåpn på glattisen i høljeregn. Det blir vel den nye kvardagen viss eg ikkje klarar å innynde meg hos Magne og får haike litt der =)

3.juledag var her vind opp i 23-24 m/s, då forsvant snøen som ikkje allerede var regna vekk. Det forsvant mykje anna og, bl.a. ein tuja eg hadde ståande som vegstikk i tunet, og eit par kakeboksar m.m. som eg hadde ståande til kjøling på verandaen…

I går var vegen endeleg fri for is – og eg tenkte at no er det jo mogleg å sykle på jobb – men vakna til skikkeleg snøvêr i dag – det er vel komme 4-5 cm – nok til at asfalten er dekka av ei herleg julesørpe!

Romjula har som vanleg gått fort – so vidt me får tid til å ete alt me hadde planlagt (!). Kan ta med eit par bilder av nokre av jostedølene som fann vegen til Nes 2.juledag.

to gla gutar

PICT2017

8 av 10 samla

                   Ei fortsatt god romjul everybody =)

3 Comments