Veke 48 – Snikkarane er i gang…

…men dagen i dag handlar om ein einsleg telefonstolpe. Eventyret byrja eigentleg allerede i vår, då me valde tomten vår pga den flotte utsikten. Einaste hinderet for å velje denne tomten var at det går ei høgspentlinje ved grensa til tomten, og denne ønskte me å få vekk. Litt på grunn av utsikten, men mest fordi me ikkje hadde lyst til å bu so nær ei høgspentlinje. Det vart då vedteke å setje opp ein trafokiosk på oppsidan av byggjefeltet me byggjer i, og so trekke lågspent vidare derifrå i jordkabel ned til hovudvegen, deretter luftspenn over vegen og ned til alle husstandane på nedsida. Då vart me kvitt både høgspenten og ein høg stolpe. Det måtte komme ein ny stolpe nedi skråningen mot hovudvegen, men me fekk lovnad om at denne stolpen skulle kappast so mykje som mogleg. Problemet vårt starta då stolpen som trengst for å få linja over vegen vart plassert midt i beste utsikten vår – og ikkje vart kappa nok (i følgje oss).

Dagen byrja med at Magne var oppe å helste på snikkarane før han reiste på jobb, so då eg var ferdig med fyrste jobben min for dagen i elleve-tiden tenkte eg at eg ville gjere det same.  Då eg kom køyrande frå Gåpn og  runda svingen slik at tomten kom ti syne var det 3 menn frå e-verket det fyrste eg la merke til. Dei hadde starta oppkoblinga av lågspentlinja – og stolpen dei har plassert midt i panoramautsikten frå tomten vår ikkje var kappa meir enn 1,5 meter… Dette lova ikkje godt! So eg parkerte bilen, og heiv meg nærmast ut i fart og for opp for å snakke med dissa karane. Eg ville at dei skulle kappe stolpen meir – men dette viste seg å vere umuleg. Eg sprang opp på tomten, halv-helsa på snikkarane i fart og bortpå grunnmuren for å berekne om stolpen var låg nok til at verandautsikten vår ville bli bra. Det var han ikkje. Nedatt til karane i stolpen. Dei kunne heller ikkje no kappe stolpen. Ja, då fekk dei flytte han, meinte eg. 3-4 meter mot Luster. Eg vart henvist til eit telefonnummer eg måtte ringe – og so var me i gang. Eg fekk tak i rette vedkommande, og han kom ut på tomten med eingong for å sjå kva problemet mitt var. Me diskuterte fram og tilbake, å flytte stolpen ville ikkje vere noko stort problem – men det vart jo nokre tusenlappar dyrare. Den prisen var eg villig til å betale, og gjekk i gang med å undersøke dei andre faktorane som måtte vere på plass før denne prosessen kunne ta til. Ein grunneigar måtte gi løyve til at me kunne felle 2 store bjørketre som ville komme i vegen for linjespennet, og entrepenøren måtte vere villig til å grave ekstra grøft. I tillegg måtte alle kablane som allerede var strekt og kappa skøytast og forlengast. Alt dette verka greit, men fleire meinte det måtte vere enklare for alle partar om det gjekk an å kappe den stolpen litt til. Karane frå e-verket tok eit krigsmøte, og fant ein måte som tillot å kappe stolpen ca ein meter til. Eg rasa forbi snekkarane ein gong til og bort på grunnmuren for å sikte og berekne, og kom fram til at det mest sannsyneleg var tilstrekkeleg. Ikkje den beste løysinga – men absolut ei grei løysing me kan leve med. Eg ringde for sikkerheits skuld til Mange og kommanderte han innpå tomten med eingong, slik at han kunne vere enig med meg. Magne kom, og Magne såg – og var enig med meg. Stor takk til e-verket som bar over med to stae tomte-eigarar… I virvarret tok eg nett ein liten oppteljing på antal folk og bilar og maskiner i sving og lista vart som følgjer: 3 karar frå e-verket, 2 frå Bravida, 2 entrepenørar med kvar si gravemaskin, Eg og Magne, ein grunneigar som kom ned for å sjå kva rabalder eg no hadde stellt i stand, ein nabo, 2 snikkarar, byggjeleiaren vår som kom med brakke til snikkarane… ja det vart vel 14 stk. Trur eg talde berre 10 bilar/maskiner, 11 med postbilen som måtte snu sidan vegen opp til husa over tomten vår for øyeblikket var stengd grunna ei grøft som var greven opp for å leggje kablar i. Poenget er vel at me trur me har fått stolpen so låg at me ikkje kjem til å irritere oss over han alle sommarsdagar me set på verandaen og ser utover fjorden. Alle virka liksom letta over at me godtok denne løysinga. (og det skjønnar eg godt – kan ikkje vere lett å jobbe med ei slek sta og stressa kjerring virrande omkring) Me spara i alle fall samtlige partar for mykje ekstra arbeid. Ja, so var avgjerdsla om stolpen teken. Og tenk, det tok berre 3 timar!  

Magne og ein av karane frå E-verket undersøker om stolpen vil bli låg nok til at me ser heile fjorden over han..