Mot jul

… og fullmåne. Eg underviser inni mellom i klasserom med utsikt mot Hafslovatnet – og dagar som i dag er det vanskeleg å fokusere på pensum. Fantastisk flotte motiv med barn på skøyter på isen, med ei låg sol i horisonten som speglar seg på blank is, og nokre rosa skydottar som ramme rundt.

Diverre har eg ikkje bilete frå opplevinga. Eg tek derimot med ei påminning om at fullmånen er like om hjørna, og då er vel jula det og =)

PICT1893-1