Topptrimmen 2008 – 2010 1

Me har skjønnt at neste periode i topptrimmen til Luster Turlag blir ein dacapo frå fyrste topptrimmen som var frå 1978 – 1980. Me fant og ut at det var lett å finne ut kva toppar dette gjalt, for det står jo i “Lustrafjell”-boka. Det me derimot ikkje makta – var å finne ATT denne boka… muleg ho har sneke seg oppi ei eller anna øskje som inneheld andre ting enn bøker – og då er det vel eit håplaust prosjekt å prøve å spore ho oppatt.

Magne tok saken, og reiste på spiontokt i dag i bokhandel i dag – utrusta med mobilkamera. Diverre var agent 007 litt utsø på avtrekkaren – so bilete vart særdeles uskarpt. Men ikkje noko photoshop ikkje kan fikse – so her kjem lista (uoffisielt) :

  • Vangsen  1757 moh
  • Sprongdalseggi  1723 moh
  • Tveranibba   1576 moh
  • Fanaraaken  2069 moh
  • Asbjørnsnosi  1613 moh
  • Torstadnakken  1565 moh     (mellom Sogndalsdalen og Veitastrondi)
  • Holtane  1365 moh                 (bak Bergheimsnosi ?)
  • Jagershaug  1392 moh           (ved Hellesetvatnet)
  • Surnasetnosi  1262 moh        (Sørsida)
  • Molden  1113 moh

Understrekar at dette er høgst uoffisielt.

Kan kort seiast å vere 10 flotte utsiktstoppar – med eller utan ski =)

One comment on “Topptrimmen 2008 – 2010

  1. Ruben Dec 20, 2007 10:32

    Det er vel ikke pappa som har “stjåle” boka si tilbake da?

Comments are closed.