Julatreskogen

Her kjem bilete frå skogaturen vår!  Var nesten høgtideleg å gå på skogen og finne julatre til eige hus for fyrste gong! Ein ny æra eller kva det heiter… epoke er kanskje eit betre ord?

«…Julatreet er hogge – bilete kjem seinare men no er pulsen i overkant av 200 – storkamp fyrst og so finale i håndball etterpå! Kryssar armar og føter og øyrer og fingrar – det er på Anfield det skjer!…»

Oppdatering – måndag 17.des kl. 22.00:

Det var so begredeleg å sjå mine kjære raude i aksjon i går at eg mista heilt piffen. I dag har me komme i mål med julehandelen – so då er humøret litt betre. Her kjem bilete frå skogaturen i går:

trolsk...

Oppi skogen møtte eg ein jeger – kleda avslørte at dette var ei garva skogakar:

PICT1869 feigefossen

Feigefossen ser rimeleg frosen ut – ei utfordring for galne isklatrarar?

Juletreet fant me etter litt leiting – men det var so vidt me såg treet for berre skog…

juletreet vårt

… eg vil ikkje karakterisere det som ein perfekt vekstplass…

…men skogakaren godkjente treet mitt – og me tok avansert augnamål av omkrins, radius, og diameter…

ein ekta snikkar går ingen stad utan meterstokken sin

Og treet vart endeleg klarert for juletjeneste i Orrhaug 1, Nes.  (Eg trur snikkeringa kan ha gått litt til hovudet på sambuaren min – no går han ingen stad utan meterstokk… men ikkje noko gale i det =)

Treet vart hausta – og hemmatt bar det…

ein stolt juletreberar

.. og mot alle odds hadde treet att nåler etter at eg hadde drege det ned til huset! So no blir det jul i år og =)

6 Comments