Solnedgang på Råum

Då me gjekk topptrimturar i haust kunne me ikkje reise før etter jobb, og fekk slek eindel timar i mørke med hovudlykt for å finne tilbake til bilen. I dag er det laurdag, so kvifor me enda opp i med å gå i mørke i dag og er eg ikkje heilt sikker på – men kva gjere no det. Ein flott trimtur vart det!

Grunnen til at me trekte opp i høgden, var at skydekket var ganske lågt på Nes i dag:

skodde på Nes

Eg og Magne tykte me skulda Gipsey ein litt lengre trimtur enn ned til campingen og oppatt til huset – so me gjekk stien opp Råaberget til Råum og nedatt om Engjadalen til Gåpn. Ikkje noko amerikareis – men me kom oss sjølvsagt ikkje av garde før klokka var nærmare halv 3, so mørkt vart det på oss =)

damene i fint driv

Temperaturen var fantastisk – og føre var bra… i alle fall opp. Fint å traske i snøen. Då me kom opp til husa på Råum var sola i ferd med å forsvinne bak indrebygdi:

solnedgang?

Og til mørkare det vart – til flottare vart himmelen:

flott himmel =)

Eg gjekk i min 5kg tunge jakke og vart so varm at eg tilslutt måtte dra jakken etter meg – Magne flaug i førevegen med sin nye, lette jakke. Moro å sjå på skodda som låg tjukk over fjorden:

PICT1805 PICT1808

Då me kom opp i bilvegen vart underlaget brått litt verre – blanke iskula. Eit litt skummelt parti var der me måtte velge mellom å gå under tunge iskjukklar – eller balansere på utsida av støypekanten. Ikkje gjekk det an å gå i vegen for føtene forsvant i alle retningar – og ikkje kunne me krabbe, me berre sklei nedatt bakken – so då vart det balansetrening utanfor vegen =)

skummelt...

gå under is - eller balansere utanfor vegen? Gipsey labba på glattisen som ingenting, og lurte fæle på kå me bala med der me kleiv og krabba utanfor vegen… greit å hatt klør sommetid…

«Gaupne by night»:

Gaupne by night

Related Post