Veke 41 – Ferdige med finstøyp!

Pumpebilen kom kl. 07.20 i dag – godt me gjorde klart alt i går kveld. Eg og Magne sprang litt rundt med hovudlykter og tok av alle steinar og pressening…

John Geir, Alexander og Sigmund frå Drevdal Mur og Betong   

Tungt arbeid…. godt det var mange sterke mannfolk på plass

   

Eg, Hans og Magne prøvde å hjelpe til so godt me kunne… Eg gjorde i alle fall mitt beste for å stå i vegen og trakke der eg ikkje skulle trakke… men det gjekk bra likevel

Ikkje mindre enn 6 karar i sving!         fundament til veranda-søyler Fekk støypt 3 fundament til veranda-søylene og!

 

ferdige med finstøyp!

So var me ferdige med den jobben… klokka var so vidt passert 10.30 om føremiddagen… kva skal me finne på no? Det kjem at ein eller to og pussa støypen litt i løpet av dagen – åsso er det berre å vente på snikkarane…. dei kjem ikkje før om 6 veker – lite me kan gjere med det…

Me har att å legge grunnmurspapp – og so fylle innåt veggene på baksida… Og me skal vatne støypen nokre dagar framover for å unngå at det sprekk opp… utenom det er det ikkje meir me kan gjere no før etter jul… trur det blir seigt å gå å vente…

TUSEN, TUSEN, TUSEN TAKK til alle som har hjelpt oss!!!!!!

 

Anki